Er du sporty nok til å gifte deg under Tysværdagen?
Ill.foto: Colourbox
Er du sporty nok til å gifte deg under Tysværdagen?

Lyst å gifte deg 25. mai?

Tysværdagen blir arrangert laurdag 25. mai. I kyrkja skal bryllaup vere tema. Nå leitar dei etter nokon som er gifteklare.

– Me tenkte at me skulle vere med på den store festdagen, og kva passar betre enn eit skikkeleg stileg bryllaup, der me har kyrkja, organistar, prest og sjølvsagt ei kake når det heile er over? Me håper også å få til ein konsert i etterkant med kjente bryllaupsongar, seier kyrkjeverje Eva Birkeland.
Kyrkja i Aksdal har store planar for Tysværdagen. Dei vil i tillegg til den offisielle seremonien også prøve å få til mannekengoppvisning, brudekjoleutstilling og fleire bryllaupsrelaterte postar i programmet for dagen.
– Først av alt treng me eit brudepar. Er det nokon som tenner på ideen så må dei snarast ta kontakt. Dette skal bli ein fantastisk dag for dei. Me er med og gir dei ein flying start. I dag er det så mange spesielle måtar å gifte seg på, og me håper at dette kan lokke eit brudepar til å vere med oss. I tillegg vil me at dette skal vere ein dag for andre som har giftetankar, seier Birkeland.

Diverse
Ho boblar over av gode idear og har heile staben i kyrkja med seg.
– Kva med å ha ei salsutstilling av brudekjolar der ein både kan vise fram sin, men også legge ut for sal om ein vil det? Kanskje nokon vil vise mora sin brudekjole, eller kanskje bestemor sin. Me skal ta godt vare på dei. Me jobbar også med å få besøk av ein frisør, ein dekoratør og andre som har bryllaup som sin jobb. Målet er at heile kyrkja skal bere preg av det å gifte seg, seier Birkeland.
Musikk står alltid sentralt i eit bryllaup.
– Me er så heldige at me har fleire dyktige organistar, og me satsar på å lage til ein minikonsert med både kjente og ukjente bryllaupssongar, forklarer ho vidare.
Men, det er eit stort men.
– Me må få nokon til å stille opp. Som er sporty nok til å vere med. Me lovar ei flott og verdig ramme rundt sjølve seremonien, så dette skal ikkje berre vere eit show. Så kom igjen folkens, me veit det mange sporty tysværbuar der ute, som har vurdert bryllaup denne våren, avsluttar Eva Birkeland.
Tysværdagen skal ha aktivitetar i Aksdal heile dagen, og kyrkja er ein av mange som skal bidra til ein strålande dag for tysværbuen.