Ungdom og rus

Takk til Tysvær Bygdeblad for dei tok opp problem som rus blant unge.

Så positivt med dei flotte ungdommane dei snakka med som støttar kvarandre i å seie nei til rusmiddel!
Det vert spurd: – Kor er dei vaksne?
Det spørsmålet har nok fleire svar. Tysvær Bygdeblad gir eitt svar øvst på same sida i avisa; Nokon er opptekne med å få vinmonopol til Aksdal. = Lettare tilgang på rusmiddel. 90 prosent av folket synst det er greitt å bruke rusmiddel, ifølgje statistikken. Og dei 10 prosenta som er avhaldsfolk roper ikkje høgt nok.
Somme vaksne gløymer at det er lite gagn i å seie «gjer som eg seier, ikkje som eg gjer».
To tips til slutt: IOGT har eit foreldreprosjekt som heiter «Sterk & klar», og DNT Edru livsstil har gitt ut eit hefte med statistikk og fakta om rusmiddel: «Alkoholpolitisk håndbok». Les dei!

– Anne Marie Leth