Bare å glede seg. Andreas Petersson kjem til Tysværtunet og lunsjen på fredag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bare å glede seg. Andreas Petersson kjem til Tysværtunet og lunsjen på fredag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Gleder meg til lunsjkonsert

Det er mange som har blitt glad i musikken til Andreas Peterson. Fredag er han tilbake på scenen i Tysværtunet. Me spanderer en ny musikalsk lunsj.

Andreas Peterson og bandet «Lausongan» ga i 2015 ut plata «Brevkurs». Læraren på Frakkagjerd ungdomsskole fekk raskt eit publikum, både med bandet og som soloartist. Spelejobbar under mellom anna Kulturnatt i Haugesund og på kommunale arrangement gjorde at fleire nynna med til dei gode songane.
Me fekk sjølvsagt tak i Peterson, og han hadde lunsjkonsert. Men så blei det litt stille.
– Jo, takk det går bra. Eg driv nå på med musikk og har eit par nye låtar klar, som me skal i studio med. Har også eit singelprosjekt med Jeanett Elise Naley, og vi skal gi ut «hiten» «Så vakker du va» i ein heilt ny versjon, seier Peterson.

Nytt
I morgonklokka 11.30 har han med seg et knippe med nye låtar, men også «Så vakker du var».
– Blir vel litt feil om eg droppar den. Eg skal også ha med meg ein talentfull gitarist på scenen, Han Heiter Mats Nygård og er elev ved FUS. Kjekt å kunne dele scene med ungdommar som har noko å by på. Det har eg gjor før og det vil eg halde fram med. Det er ikkje lett å finne stadar der ein får spelt live i startfasen, så ein lunsjkonsert er heilt perfekt. Eg gleder meg skikkeleg til å komme tilbake. Dette med lunsjkonsertar er noko eg støttar, seier musikklæraren.

Meir om konserten i papiravisa på torsdag