Gi meg ein S

S for Skjold, samhald, slitekampar, suksess og seriestart.

Fotballsesongen er endeleg skikkeleg i gang denne helga, med seriestart i både 4. divisjon og i eliteserien. For nokre jul og 17. mai på ein gong, for andre eit mareritt.
Aviser og tv-kanalar kjem til å flomme over av fotballkampar, og det vil bli skrive om både gode og dårlege taparar frå Kirkenes til Grinde.
For Tysvær Bygdeblad er fotball viktig. Svært mange av våre leserar, spesielt dei unge, følger oss veke etter veke. Dette er ei viktig målgruppe for oss, og fotballfamilien er stor og inkluderande. Og fotballsaker kan vere innfallsport også for å lese fleire saker i avisa vår.
For fotballen engasjerer. Bygd mot bygd, lag mot lag. Og 4. divisjon, der Skjold held til, er det ekstra fokus på. Så på ein måte er dei heldige.
Men det blir eit tøft år for Skjold. Det trur eg, og det trur ekspertane. Og dei er det mange av både bak tastaturet og på sidelinja. Det blir vurdert og gitt poeng og terningkast. Leserar og spelerar jublar og sukkar tungt om ein annan. Det er slikt som skaper engasjement for idretten, som berre i Tysvær har fleire 1000 aktive.
Skjold er eit a-lag som må starte litt på nytt i år. Ein del nøkkelspelerar har dratt frå klubben. Litt vanskeleg å skjønne heilt kvifor, men ok, det er eit lovleg val. Tilbake står ein ivrig gjeng som vil blø for drakta og vise at Skjold har rett til å vere i denne attraktive divisjonen. Er det lenge sidan du har vore på Skjold-kamp, så kan det lønne seg å ta ein tur. Det bruker å vere mykje folk, kiosken er open og ein har lov til å meine det ein vil. Alle på laget er ein gjeng lokale gutar, som mange har følgt sidan dei var små, og tassa rundt i Straumen eller i Grinde. Og det er dette det handlar om. Å få vere med i eit fellesskap.
Tysvær har spelerar i dei fleste divisjonar for tida. Alexander Søderlund er framleis den me høyrer mest om, saman med Håvard Nortveit, som med sin flotte bustad i Skjoldastraumen blir meir og meir tysværbu.
Søderlund begynner å bli «vaksen» og skal få jobbe hardt med å komme tilbake på toppnivået han hadde i FKH, og sist han var i RBK. Men me treng Søderlund, og mange i Tysvær heiar på han. Sympatisk og ein likande kar, noko fotballfolket elskar.
Så lykke til med sesongen alle der ute. Tysvær Bygdeblad er klar for nye kampar både på papir og på nett. Sjekk oss ut og hald deg oppdatert. Plutseleg er det naboguten som har slått til.
Og om ikkje så lenge er det også klart for seriestart for eit historisk damelag frå Tysvær.
Ikkje rart me gleder oss.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør