Framme f.v: Stian Steinsland, Marco Passera, Jonas Staurland, Sander Hettervik, Håkon Bådsvik, Gabriel Holden, Mats Steinsland, Tollak Gismarvik, Daniel Lønning, Adrian Strand.
Bak f.v: Bjørn Arne Steinsland, Aleksander Nilsen, Petter Steinsland, Sindre Herland, Håvard Hetland, Morten Bådsvik, Sondre Bådsvik, Sebastian Nilsen, Petter Haraldseid, Berge Ohm, Åsmund Håheim, Stein Atle Nesheim, Hans Gunnar Hansen, Trond Steinsland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Framme f.v: Stian Steinsland, Marco Passera, Jonas Staurland, Sander Hettervik, Håkon Bådsvik, Gabriel Holden, Mats Steinsland, Tollak Gismarvik, Daniel Lønning, Adrian Strand.

Berre timar igjen til tøff serieopning

Mange tipper at Skjold får det tøft i 4. divisjon. Det gjer me også, men laget kan fort bite frå seg i enkeltkampar.

I kveld er det seriestart i 4. divisjon. For mange på Haugalandet det viktigaste som finst. Og det er ikkje rart. Fleire durabelege lokaloppgjer, og lag frå sørfylket som elskar å øydelegge for oss her i nord. Midt i dette kaoset av gode, middels og middelmåtige spelarar finn me altså vårt beste lag, Skjold. Trenarane Bjørn Arne Steinsland og Aleksander Nilsen har mykje å tenke på i timane før oppgjeret mot Kopervik i Grinde.
– Kopervik er ein tøff start. Me er nøydt til å spele heilt opp mot vårt beste i den kampen om me skal håpe på ein god start. Me har ikkje enkeltspelerar som dei, som kan skåre 20 mål pluss i ein sesong, me må stå fram som eit lag. Og det laget såg eg teikn på i finalen i Vintercupen, seier Steinsland.
Så følger Vard 2 for Skjold, ein kamp dei bør og må vinne. Men uansett motstandar, dette blir ein sesong med mange tøffe kampar for dei fleste laga.

Åkra favoritt
– Det er nesten umuleg å spå, men Åkra, FKH 2, Kopervik og Ålgård ser og høyres sterke ut. Så tippar eg at kjem mange lag som vil samle seg bak desse. Der skal me vere. Nå er Torvastad borte, og med det den eine nedrykksplassen låst. Vard 2 ser eg mange tippar nede på tabellen, men kven veit i den uforutsigbare divisjonen. Det er alltid ein skrell og to i veka, seier Skjold-trenaren.
Tysvær Bygdeblad har snakke med fleire forstå-seg-på-erar og dei fleste har som Steinsland dei same fire på topp. Mange trur at Skjold er svekka i forhold til i fjor, og må verkeleg kjempe for å unngå nedrykk.
Og dei har eit poeng. Jonas Staurland kjem til å spele litt, men vil bli sakna, som han var det meste av fjoråret. Aleksander Gundersen var god i enkeltkampar i fjor, men skal saman med Daniel Aarås spele for Vard i år. Begge blir nok sakna. Verst er det at Jonas Wergeland bytta ut sitatet; – Skal eg spele for nokon her neste år, så er det Skjold, med Djerv 1919. «Årets spelar» hadde verkeleg hatt si rolle i årets lag.
– Det er sant nok. Me har tre gode keeperar. Det er bra. Så har me utfordringar i forsvar. Håvard Hetland har imponert så langt. Morten Bådsvik og Marco Passera har erfaring, men eg må nok fylle på med skikkelege unggutar der. På midten har me mange gode, men manglar typiske kantspelerar. Berge Ohm kan sjølvsagt bidra der, men me skulle hatt meir å gå på. Framme har me Sander Hettervik og Vegard Steinsland. Begge kan skåre mål, men neppe så mange over tosifra. I sum betyr dette at me må jobbe som eit lag, og gjere kvarandre gode, seier trenaren.

Løft
Sigeren over Djerv 1919 2 i finalen i vintercupen gav eit løft for laget.
– 1-0 over Haugar og 2-0 over Djerv er viktig for oss, sjølv om det er 5. divisjonslag. Eg merka at gutane ville vinne, og det er ei erfaring me kan ta med oss inn i serien. Treningane denne veka har vore positive, så me er klare til å ta imot Kopervik. Så får me sjå. Det er alltid usikkert kor ein står så tidleg, men me har i alle fall gode opplevingar i ryggen denne gongen. Så får me sjå korleis me skal nytte oss av det, avsluttar Bjørn Arne Steinsland.