Det mangla verken på ekspertise eller milliarddraumar då vegfolket møttes i Tysværtunet i dag. Vegdirektør Terje M. Gustavsen var klar i sitt innlegg. – Det blir vegsatsing i framtida. Også på Vestlandet.

Vegdirektør Terje M. Gustavsen snakka varmt om mange vegprosjekt, spesielt på Vestlandet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Det blir veg – mykje veg

Det mangla verken på ekspertise eller milliarddraumar då vegfolket møttes i Tysværtunet i dag. Vegdirektør Terje M. Gustavsen var klar i sitt innlegg. – Det blir vegsatsing i framtida. Også på Vestlandet.

av Alf-Einar Kvalavåg

Slik blir det applaus av då omlag 250 vegfolk og andre interesserte møttest i storsalen. Vertskapet Tysvær hadde verkeleg fått dei som har meiningar om framtidas vegnett i Norge til å komme.
– Dagen i dag er eit resultat av eit julemøte me hadde der me bestemte oss for å sjå det store bilete. Dette handlar om det nye Vestlandet, om Rogfast og Hordfast. Det handlar om ei utvikling der veksten verkeleg skjer. Desse konferansane skal gjentakast heilt til me er i mål. På E39 og på E14 over Haukeli. Næringslivet treng det, me som bur her treng det og Norge treng det, sa ordførar Sigmund Lier i si opning.

Slag i slag
Så gjekk det slag i slag. Milliardar forsvann i bruer og tunnelar. Vegar slynga seg over lerretet i salen og applausen satt lett.
– Det er 100 milliardar som er i spel her i dag, og difor er det gledeleg at leiaren av Transport- og kommunikasjonskomiteen Helge Orten får starte, sa møteleiar Atle Kvamme.
Og Orten var den første av i alt 32 personar som fekk sleppe til på scena.
– Eg vil berre slå fast at eg er med i heiagjengen for E39, og at me allereie har fått inn mykje pengar i NTP som handlar om strekninga Kristiansand – Trondheim. Dette handlar ikkje berre om veg, men om verdiskaping, teknologiutvikling og ein framtidsretta måte å flytte seg på. Eg har trua, men det er viktig at ein har eit press på og viser kva ein vil. Summane som skal brukas på samferdsle dei neste åra er formidable. Dei er så høge at det er vanskeleg å fatte dei. men me ser at prosjekta blir betre og mindre kostnadskrevjande. Me ser ei utvikling som vil gjere det samfunnsnyttig, og forsvarleg å bruke desse milliardane, sa Orten frå Høgre.
Ein tredel av landets befolkning bur langs kysten, og her skapar ein 60 prosent av eksportvarene landet sel.
– Bygginga av E39 er i gong. Prosjekt er allereie ferdige og det vil berre bli meir og meir. Og det som sagt ikkje småtteri. Ti fjordar skal kryssast og den lengste er vel dei fleste her opptatt gjennom Rogfast, sa Orten og gav stafettpinnen vidare til prosjektleiaren i Rogfast Tor Geir Espedal.

– Er i gong
– Me er i gong og det begynner å bli spor etter oss. Masse frå anlegget på Bokn blir nå til nytt areal for Karmsund Hamn. Me har forprosjekt både i sør og i nord, i tillegg til på Kvitsøy. Tre selskap kjempar nå om kontrakten på tunnellbygginga, og det vil i haust bli klart kven som får tilslaget. Me ser føre oss at dei startar opp arbeidet ved årsskifte. Målet er at Rogfast opnar i 2027, sa Espedal til stor applaus frå salen.
– Det er utruleg viktig at alle prosjekt som det jobbast med i landet er solid forankra og satt i i eit tidsperspektiv. Det betyr at om me kan kjøre direkte frå Kristiansand til Trondheim i 2050, ja så er det verdt å vente på det. Me skal utvikle landet i same tempo som vegutbygginga, avslutta Terje M Gustavsen sitt innlegg.

Møte held fram heile dagen.

Reaksjonar lokalt får du i papirutgåva neste torsdag.

Det er allereie mykje pengar til vegar på Vestlandet i NTP. meir skal det bli, lova Helge Orten.

Rogfast. Tor Geir Espedal.