Nå er det opp til deg

Bandet Hellbillies syng i ein av sine mest kjende songar at «Me får det aldri her». Det var eit hjartesukk frå landet. Og slike sukk har me hatt mang ein gong også i Tysvær.

Store artistar har komme og gått på Karmøy og i Haugesund. Ja til og med i Vindafjord og Etne har dei «fleska» seg med store artistar kvart einaste år.
Me har hatt nokre drypp, men det er langt mellom folkefestane.
Men i år ser det ut til at Tysvær plutseleg har blitt funne på kartet for alvor. I mai, juli og august skal det arrangerast store konsertar både på Frakkagjerd og i Aksdal. Nasjonale toppartistar skal trekke til seg tusenar av publikummarar og dei inviterer til fest.

Så er det opp til oss å vise at me faktisk vil ha dette. At me vil betale for å få toppnamn på scena. Akkurat der har me vore litt slakke før. Me har ropa høgt, men vore heime når artistar har dukka opp. Spesielt ille er det med tanke på alle dei gode banda som har vore i storhallen på Frakkagjerd. Maria Mena var pinleg. Det same var responsen for Plumbo. Litt betre var det på Vassendgutane, Hellbillies, Donkeyboy og Carola. Det er vel stort sett berre Vamp som har fått folk til å gå av hengslene så langt. Då får me etter kvart lite å velje i.
Men nå har me altså fått ein ny sjanse. Stavangerkameratene og Ingenting. Fengande musikk for ei stor aldersgruppe i storhallen, og superkvartetten Nilsen, Lind, Fuentes og Holm i Aksdal. Og det heile skal toppast med ein ny toppkonsert på Alvanuten 31. august.
For å seie det rett ut, me er grisheldige som får slike namn hit.

Når det gjeld teater er me i ein litt annan posisjon. Riksteateret likar Tysvær og me likar dei. Fullt hus er meir vanleg enn uvanleg. Så når Liv Ullmann skal på turné og fekk ein ledig dato sto «Tunet» øvst på lista. Sist ho var her for åtte år sidan var det utselt omlag i det dei opna billettluka. I oktober kjem ho igjen, for å snakke om sitt spennande liv.
I tillegg til dette er det kulturarrangement gjennom heile våren og sommaren. Vårt populære bidrag «lunsjkonsertane» serverer allereie neste fredag. Då kjem «Kvednabekkjers» for å servere ny musikk.
Det er berre å møte opp, på alt saman, i kulturkommunen Tysvær.
Er det rart me gleder oss?

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør