Elin Furubotn, Solfrid Molland og Tom Roger Aadland kjem til Tysværtunet på sundag. Det blir garantert ei stor musikalsk oppleving.
Foto: Zoran Schwartz
Elin Furubotn, Solfrid Molland og Tom Roger Aadland kjem til Tysværtunet på sundag. Det blir garantert ei stor musikalsk oppleving.

– Skal bli herleg å komme «him»

Trioen Solfrid Molland, Tom Roger Aadland og Elin Furubotn har hatt stor suksess med konsertane «Vest møtes i Øst» i Oslo. Terningane hagla over dei. Nå kjem dei til Tysvær.

– Det er nesten unødvendig å seie men me gleder oss kjempemykje til å komme «him» og spele i Tysværtunet. Det er alltid litt ekstra å spele framfor kjentfolk, det hentar fram det beste i oss. Etter suksessen i Oslo er det kjekt at det er Tysværtunet som nå står på plakaten, seier Solfrid Molland.
Musikaren frå Førre har hatt stor suksess aleine dei siste åra. Hennar musikk, ofte inspirert av sigøynarmusikk, har funne eit stort og godt publikum. Nå er ho litt skuld i at Aadland og Furubotn står saman med henne på scena.
– Ja, eg må vel innrømme det. Eg inviterer alltid ein masse venner heim til meg på 17. mai. Utover dagen og kvelden kjem gitarane fram og fin musikk oppstår. Me begynte å snakke om at me kanskje skulle fått til ein festival med forskjellig musikk. Og Tom Roger og Elin tente på ideen. Så nå har me starta litt i det små, så får me sjå om dette blir til noko meir. Me skal spele songar av oss alle tre, og eg er sikker på at dette blir ein fin kveld for alle dei som likar variert musikk, seier Solfrid Molland.

Heimebane
Det er ho som er skikkeleg på heimebane. I fjor hadde ho suksess med konsert i Førre kyrkje.
– Eg skal spele «Min katedral» også denne gongen. Det er min signaturmelodi når eg er heime. Det å få spelt mine songar saman med desse to flotte musikarane er stort for meg. Det har gitt eit løft, og det trur eg publikum vil merke. Eg skal fortelle litt mellom kvar song også. Då skal eg røpe kor ein finn kvitveis i Førre, seier Molland.
Bassist Torstein Kinn er også med på laget, men mykje står og fell på dei tre vokalistane.
Ein av dei er Tom Roger Aadland.
– Velkommen heim, Tom Roger.
– Jo, takk du. Tysvær er så godt som heime for meg. Eg er vel blitt ein Haugaland-artist med åra. Gleder meg skikkeleg til å komme tilbake til Tysværtunet. Har hatt ein del fine konsertar i Tysvær, mellom anna lunsjkonsert, og det er eit flott publikum. Eg har med meg eit par songar av Bob Dylan på nynorsk, og sjølvsagt eit knippe av mine eigne. Det å spele i dette formatet gav meg eit kick og songane er blitt skikkeleg bra, med trestemt kor og greier. Trur nok ein del vil bli litt overraska. Eg har spelt mange konsertar dei siste åra i tillegg til å gi ut album. Å få ei slik ny utfordring som dette, set eg pris på. Håper eg treff mange kjente i storsalen, seier Aadland.

– Takk for sist
Dei tre artistane har mykje til felles. Dei har funne sin stil og sitt publikum. I tillegg har dei ein ting felles som handlar om Tysvær.
– Hei, og takk for sist. Det var flott å få komme å spele lunsjkonsert. Nå er eg endeleg tilbake med mine eigne songar saman med denne flotte gjengen. Eg lovar å synge om mormor frå Sveio. Den songen har følgt meg heilt sidan eg gav han ut. Det har blitt ein del plater sidan sist, og eg serverer eit knippe frå dei. Er jo litt ekstra stas når me vestlendingane kjem oss heim og får spelt her, seier Elin Furubotn.
Alle dei tre har spelt lunsjkonsert for oss i Tysværtunet. Etter det har alle tre gitt ut mykje musikk og har vore rundt om. Nå står dei altså samla på scena i storstova. Kritikarane var over seg av begeistring etter konsertane i Oslo og drog fram både stor musikalitet og originalitet som plussar. Ein veit kva ein får av dei kvar for seg. Gang det med tre så har du dei saman.
– Dette er eit prosjekt som er basert på spelelyst og det merkar me kvar gong me møtest. Me har rett og slett berre lyst til å synge. Litt nervar har eg alltid når eg kjem heim. Det er rart med det, når du kjenner dei som sit og smiler på første rad. Men me fire som kjem er topp motivert og har talt ned lenge. På sundag er me der. Det blir heilt topp, lovar Solfrid Molland.