Ta det med ro

Påsken er ei av nordmenn si favoritt tid. Fjell og sjø, Kvikklunsj og klister. Nytrimma påhengs og late dagar.

Eller er det slik?
Politiet er stadig ute langs vegane våre og sjekkar korleis me oppfører oss. Og dette er ei tid på året dei er spesielt på vakt. For det verkar som om eit kvarter meir på hytta betyr meir enn liv og helse til dei ein har i bilen. For samstundes som du les dette kan du gå inn på kva nettavis du vil i Norge og lese om at nokon enten har fått ei saftig bot, eller har mista «lappen». Ta det med ro folkens, så blir det tryggare for alle langs vegen.

Det same skjer på sjøen. Mange nyttar seg av påskefri til å sjøsette meir eller mindre kontrollerbare båtar. Me fekk nettopp ein epost frå både Redningsselskapet og frå eit forsikringsselskap, som tippar at denne påsken kan bli ekstra ille.
Sein påske gjer at mange vil bytte bort fjell med sjø. Og uvettig bruk av båt vil garantert sørge for at nokon vil få ei trist feiring. Sjøvett er noko ein bør bruke ein del kaloriar på å få inn under huda.

Bruk vett. Hjelp det at me skriv dette kvar vår? Kanskje. Nokre av oss må minnast på at me ferdast saman med andre i båt og bil. At me bør puste to gonger når ein «treiging» på veg mot påskefjellet kjem framfor oss. Det er ikkje lett. Men så kan me jo samstundes minne dei som ikkje held fartsgrensa om å nytte seg av speglane i bilen. Slik kan ein unngå både sinne og farlege forbikjøringar.
Og dette er eit samfunnsproblem. Når organisasjonar og forsikringsselskap går ut med åtvaringar, så er det basert på fakta og erfaring. Påsken har eit dårleg rykte. Ferie og avslapping er ein klisjé for mange. Det er tvert om snakk om først og best. Frå ein rusar opp motoren heime i tunet til ein er framme på fjell eller ved sjø.
For me er vel eigentleg einig om at nå skal me slappe av nokre dagar, kose oss og samle energi til ein hektisk vår og sommar.

God påske, tenk på dei rundt deg og kjør forsiktig. Så er det i alle fall sagt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør

Ps! Neste Bygdeblad kjem i postkassa 25. april.