Framstegspartiet stilte mannsterke på Spar Frakkagjerd for å høyre Petter Mortveit snakke om intergrering i butikken. Bente Thorsen, Randi Rettedal, Kenneth Lodden, Rune Midttun og Erlend Wiborg fekk ein lærerik halvtime.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Framstegspartiet stilte mannsterke på Spar Frakkagjerd for å høyre Petter Mortveit snakke om intergrering i butikken. Bente Thorsen, Randi Rettedal, Kenneth Lodden, Rune Midttun og Erlend Wiborg fekk ein lærerik halvtime.

– Petter gjer ein skilnad

Å få seg ein jobb, eller å lære seg norsk er ikkje alltid like lett. Då er det godt ein har butikksjefar som Petter Mortveit.

Det meiner Erlend Wiborg (Frp) som er leiar av sosialkomiteen på Stortinget. Torsdag var han på besøk på Spar Frakkagjerd etter eige ønske. Han hadde høyrt om butikksjefen som gir flyktningar ein sjanse til å jobbe i butikken.
– Det er flott at me etter kvart har ein del som tar imot personar som treng opplæring i arbeidsliv og språk på denne måten. Eg hadde høyrt om Petter og ville treffe han. Det han fortel gjer meg glad og er noko eg kan ta med meg tilbake. Han stiller krav, både til dei som får jobbtilbod, men også til seg sjølv, butikken og dei andre som jobbar her. Dette var eit godt møte, seier Wiborg.

Fruktdisken
Saman med eit knippe lokale politikarar frå Framstegspartiet fekk Wiborg høyre den usminka versjonen om korleis det er å ta imot nye landsmenn med forskjellig bakgrunn. Møtestaden var i fruktdisken.
– Skal me lukkast er det også viktig at dei har ei forventning knytt til det dei skal gjere. Når me får det klart ser eg at det er lettare å lukkast. Det er ein kulturskilnad og den må me ta på alvor. Samstundes skal dei jobbe i ein norsk butikk og må følge dei reglane som gjeld her. Når me lukkast er det ein vinn-vinn situasjon som eg ser er motiverande for både dei og oss. Dei kjem seg vidare i intergreringa, og me har hatt dyktige medarbeidarar, fortel Mortveit.
– Korleis er samarbeidet med NAV?
– Det kunne nok vore betre for alle partar. Me slit litt med å ha kontakt, og dei skiftar altfor ofte sakshandsamerar. Når eg ringer og spør etter «min» kontakt så er den skifta ut med ein annan. Så går det ei lita stund til, så er det eit nytt byte. Frustrerande for meg, men då kan ein tenkje seg kor vanskeleg det er for desse som er nye i landet. Her er det mykje å gå på seier ein tydeleg butikksjef.
– Det skal eg notere meg seier Wiborg og kjem med spørsmålet fleire i gruppa har på tunga.
– Korleis oppfattar dei NAV?
– Eg er redd mange av dei rett og slett droppar kontakten dei bør ha med NAV. Eg har snakka med fleire som rett og slett ikkje ønsker å kontakte NAV, men heller trekk seg unna og prøver å klare seg sjølv. Men samstundes så har me dei som er strålande nøgde. Ofte er det berre detaljar som skil, seier Mortveit.
FRP-erane fekk høyre om dagleglivet i butikken der fast tilsette, dei på opptrening og kundane skal trivas og vere trygge i butikken.

Butikk
– Me driv butikk, og det er ei grense for alt. Men som sagt er dette er eit tilbod eg har stor sans for. Til nå har me hatt eit par dårlege opplevingar, men svært mange positive. Og eg registrerer at det stadig blir fleire som er med på dette tilbodet. For når ein tenker seg om, og ser seg rundt i butikken, kan det ikkje vere ein betre plass å lære norsk. Her står det namn på alle kjende matvarar, dei kan spørje dei andre tilsette og dei får snakke med kundar. Samstundes er det få som snakkar det same språket som dei, det gjer at dei på ein måte blir tvungen, eller motivert, til raskt å lære seg norsk. Det er viktig. Eg seier det er tre ting som gjeld for å få seg jobb. Språk – språk og språk, avsluttar Petter Mortveit.