Får svi for grensesetting

Av og til får ein tak i undersøkingar som rett og slett sjokkerar. Når Utdanningsforbundet spurte sine medlemmer om dei hadde vore utsett for verbale eller fysiske overgrep frå elevane, fekk dei svar som er skremmande.

Like skremmande er det at dei fleste av dei ikkje finn den tenleg å ta det vidare, og om dei gjer det så er det sjeldan du får støtte eller hjelp.
Hovudgrunnen til både slag og spark, og verbale skyllebøtter er grensesetting. At barn har vanskeleg for å innrette seg etter det dei vaksne seier og gjer, er noko ein alltid har hatt utfordringar med. Men det blir meir, og det blir meir alvorleg.
Her er det mange element å ta tak i. Me startar heime. Dei føresette skaper eit barn gjennom sine reglar og gjennomføring av dei. Det som er lov heime treng likevel ikkje vere lov på skulen. Og då er ein i gang. Det er utruleg viktig at ein klarer å finne ein struktur på dette som samsvarer med dei forventningane som er i samfunnet. I undersøkinga me viser til, og som du kan lese meir om på side tre, handlar det om seks- til tiåringar. Dei er langt frå ferdig «forma», og det er ikkje snakk om at dei føresette ikkje speler hovudrolla i det arbeidet.
På skulen blir det brukt mange forskjellige tiltak for å skape eit trygt og godt miljø, der den enkelte skal føle seg heime. Men når dette ikkje fungerer så må ein ta ein timeout og sjå kva det er som går galt. For me skal ikkje finne oss i at lærerar får «bank» på jobb framføre andre elevar. Dette er svært alvorleg og noko dei som styrer norsk skule må ta på alvor. Eg ventar spent på om lokale styresmakter nå tar tak i denne undersøkinga og får eit sterkt fokus, både på oppfølging av skuleelevane, og dei tilsette.
Eit område til der dette må bli gjort noko med er blant elevane sjølve. Kva er det dei snakkar om og brukar fritida si på. Er det likt på fotballtreninga og speidaren også, at det er den sterke sin rett, og blir vold brukt for å argumentere? Slår ein trenaren sin om ein ikkje får vilja si? Skjeller ein ut dommaren? Eg er redd svara på mykje av dette også er ja. Ikkje over alt, ikkje alltid, men for ofte.
Så kan ein sjølvsagt stille spørsmålet kor dei lærer slike haldningar. Svaret på det er dei same. Det er heime, på skulen, blant venner og på fritidsaktivitetar.
Den sterke si rett har alltid vore eit element i oppveksten, men me skal ikkje sitte passive og sjå på at det nå blomstrar i den norske skulen. Og det skal ikkje skje i Tysvær. Det må nokon ta tak i med ein gong.
Og ein må heller ikkje tru at det er betre i klassar med eldre elevar. Me har sett tal som viser det motsette.
Applaus til fagforeiningar som set dette på dagsorden, og nå arrangerer kurs og har dette opp som tema. Nå må dei som styrer følge etter.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør