Den vanskelege freden

Det er tida for flagg og ettertanke. Datoar som er brent inn i folkesjela blir passert tett om våren. 9. april, 8. mai og 17. mai.

For mange av oss datoar som har følgt oss på forskjellege måtar gjennom livet. For det handlar om fred, nasjonalisme og landet vårt Norge.
Fred er noko dei aller fleste på jorda set høgt. Likevel er det framleis krig i dei fleste verdsdelar, og om me ikkje lenger kan kalle det verdskrigar, eller «kalde» krigar, så er trusselbilete lite forandra dei siste 80 åra. Det er berre blitt «moderne». Ein kranglar om grenser, om tru, og makt og ikkje minst om å utreinske dei folkegruppene ein ikkje likar.
Då eg var liten, og det begynner å bli nokre år sidan nå, sa dei vaksne at dei håpa at alle har lært av nazismen og 2. verdskrig. Eg hugsa ein kompis som skilte seg litt ut der han gjekk med ei t-skjorte med påtrykket «Aldri meir 9. april». Me var livredde den «kalde» krigen mellom aust og vest. Mange av oss hadde fingrane langt inne i øyrene då dei testa flyalarmen på Norheim skole. Me var einige der me stod i gata og tenkte på framtida at krig aldri var løysinga på noko som helst. Me var også sikre på at det aldri ville bli krig i framtida, når alle fekk vett nok til å skjøne kor galt det var. Så feil kunne me ta.
For når ein i går såg veteranar legge ned kransar på diverse minnesmerker så er det ingen fare for at det i framtida ikkje vil vere nye norske veteranar som kan overta denne tradisjonen. Norske soldatar som har vore i strid. Dessverre.
Og det er vanskeleg å forstå når ein høyrer talar, og les om alt det arbeidet som blir lagt ned for å bevare freden. For ein er einig i at vald avlar vald, at framtida ikkje kan styrast med våpen. Det er berre så trist at dette ikkje er det ein ser i praksis.
Dei store landa trugar kvarandre slik som før. Me får stadig opp nye diktatorar som styrer landet og innbyggarane som dei vil. Me kan riste på hovudet av Nord-Korea i dag, men slike eksemplar har det vore sidan tidenes morgon. Me ser at terror stadig blir brukt til å markere sitt syn. Det er framleis ufred i Midtausten. Det kranglast om miljø og landegrenser i både nord og sør. Lista over verdas konfliktar er så lang, og vond, at det burde tatt motet frå oss alle.
Så kva kan me gjere?
Vel, me må aldri gi opp, og me må minne oss sjølv om at me aldri meir vil ha 9. april. Det må generasjonane etter oss få prenta inn i hovudet. Me må heise vårt flagg og markere vår fridom. Og me må våge å vere tolerante. Overfor andre, for andre si meining, sitt livssyn og tru. Og så må me i Norge ikkje glømme at me bur i verdens beste land. Me kan ikkje klage, me skal berre vere til støtte for alle dei som ikkje har det så bra.
Mai er ein fin månad for det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør