Tveit vidaregåande er i vekst. Både når det gjeld fasilitetar og linjer. Til hausten kan dei som treng generell studiekompetanse søke plass ved den nyetablerte linja Vg4. 
Foto: Tveit vgs
Tveit vidaregåande er i vekst. Både når det gjeld fasilitetar og linjer. Til hausten kan dei som treng generell studiekompetanse søke plass ved den nyetablerte linja Vg4.

No kan du ta generell studiekompetanse ved Tveit vgs

Tveit vidaregåande skule opplever stadig gode tider og er i utvikling. No har skulen fått godkjent påbygglinje.

Av Mona Terjesen
Det skjer mykje positivt på Tveit for tida. Som kjent driv skulen med utbygging, og no kjem nok ei gladnyhende.
– No har me fått godkjent linja Vg4 – påbygg til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse. Dette gjer at me no også kan tilby skuleplass til studentar som har tatt fagbrev, eller fullført treårig profesjonsutdanning i vidaregåande opplæring (Agronom, Gartner, ol), og som ønsker å studere vidare og dermed treng generell studiekompetanse, fortel rektor Kristoffer Salvesen.
Mange moglegheiter
Frå før av har den populære skulen på Nedstrand linjene Vg1 Naturbruk. På Vg2 tilbyr dei Heste- og Hovslagerfaget, Anleggsgartnar og Landbruk. På Vg3 har dei Agronom og Naturbruk (generell studiekompetanse).
– Me tilbyr ein variert studiekvardag med dyktige lærarar i naturskjønne Nedstrand. Me har ledige studieplassar også på andre linjer, seier rektoren, og legg til at det berre er å ta kontakt om ein ønsker informasjon.