Skjermbilde 2019-05-28 kl. 12.44.45

For ein herleg storm

Albumet «Sleepy Golden Storm» er resultat av fire års arbeid. Me som var så heldige å møte trioen under lunsjkonserten vår, visste det var noko å glede seg til.

Folkbandet Rags & Feathers hadde eit ønske om å få jobbe saman med sjølvaste Leonard Cohen. Det enda opp med denne plata der dei har henta ut noko som ser ut som personlege favorittar, strippa ned og servert på deira personlege måte.
Og ja, det er vakkert. Det høyrte me live.
Men det er også ei leiken plate, der dei utfordrar Cohen med sine nakne versjonar. Det er songprestasjonar heilt der oppe, og det er arrangement som passar 100 prosent.
I mellom linjene er det mykje plass til å lytte. Ein høyrer nye detaljar kvar gong, og det er ei plate det er farleg lett å bli glad i. Det er litt country i det, litt folkemusikk og ikkje minst eit tvillingpar som med sine stemmer løfter det heile opp hakk for hakk.
Mykje står og fell på tvillingane Kjersti Tingelstad og Rønnaug Tingelstad, det er det ingen tvil om. Men det vakre treng ei utfordring, og det får dei gjennom Oddbjørn Austevik sin langt meir råe stemme og eminente gitarspel. Han held akkurat så lenge igjen at ein blir riven med, samstundes som ein kan lene seg tilbake og berre nyte. Det er ein prestasjon, for her er det ikkje mykje å spele på. Songane er så strippa ned at ein bli fasinert av å lytte til det enkle, og så la seg fasinere av kor mykje trioen får ut av det.
Utvalet av låtar er ikkje overraskande, og vil nok tilfredstille mange av Cohens sine fans. I tillegg til at plata kjem på CD har dei også kosta på seg vinyl og ei bok, «The Journey» som fortel om prosjektet.
Til saman blir dette på mange måtar heilt perfekt. Vegen frå å synge for Cohen til å synge hans songar på Haugalandet i 2019 har på mange måtar vore utfordrande. Men du verda for eit album og eit prosjekt det har vore.
Det er berre å takke.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Sleepy Golden Storm
Rags & Feathers

LP – CD og bok
Kjersti Tingelstad (Vokal og fiolin) – Rønnaug Tingelstad (Vokal og fiolin) – Oddbjørn Austevik (Vokal, gitar og banjo)
Gjestemusikarar: Ingeborg Rudland Næss (Cello) – Ellen Brekken (Kontrabass)