Stiv kuling rundt vindmøller

Aksjonar, lesarbrev og folkemøter. Vindmøller har blitt ein skikkeleg snakkis det siste halve året. For motstandarane var det på høg tid. For politikarane ein skikkeleg wake up call.

Tysvær har hamna i «beltet» av områder som er gunstig for å lage vindmølleparkar. Det er det mange som ikkje vil ha. Så mange etter kvart at både ordførar og varaordførar nå er i spissen for eit politisk Tysvær som ikkje likar tanken. Som på sett og vis nå lovar å stoppe dette. Om det då klarer det, sjølvsagt.
For dette er ein prosess som har komme litt for godt i gang før våre folkevalte tok tak i det. Trygve Hebnes var ein av dei første som kontakta oss. Han var redd for at toget gjekk om ein ikkje sette på naudbremsen, og det med ein gong. Han og Høgre sitt engasjement blei lagt merke til politisk, men også blant organisasjonar som jobbar mot vindmøller, og utfordringar med bruk av naturen.
På ein måte har dei klart å stoppe «toget» med å få på plass utsettingar. Men om det er nok vil tida vise.
Det ein bør merke seg er engasjementet. Det som heiter lokaldemokratiet i arbeid, og som viser at folk bryr seg, om dei berre slepp til. Til nå har det vore ein ryddig debatt, mest fordi dei fleste er einige om at ein ikkje vil ha vindmøller i Tysvær. Dei som er for har enten ikkje meldt seg på i debatten, eller halde seg borte når dette har vore tema i møter. Folkemøtet i Aksdal blei ein slik setting, der ein fekk god tid til å snakke om ulempene med vindmøller, men der utbyggjarane ikkje deltok.
Skal ein tru dei som nå tar kampen så er det mange ulemper med vindmølleparkar, som folk flest kanskje ikkje kjem på. Støy, iskast, bruk av store areal og store inngrep i naturen. I tillegg kjem utfordringane knytt til fuglelivet, som mange meiner blir sterkt prega av at det blir montert vindmøller.
Da blir ein sittande igjen med ein debatt for eller mot. Det er ikkje slik som i andre slike saker at det kan gjerast mindre grep. Skal ein få maksimalt ut av vindkraft må det byggast stort.
Det som nå er viktig både for aksjonsgruppene og politikarane er at ein får fakta på bordet. Og det hastar. 1. oktober blir sett på som ein nøkkeldato. Då skal det svarast på dei planane som nå ligg på bordet. Innbyggarane i Tysvær har nå høge forventningar til politikarane våre, og det har dei lov til.
Og i ein valkamp må jo ein slik sak vere gull. Eller er det eit mareritt? Ein ting er i alle fall sikkert, i denne saka er det mange som følger med på kva som blir sagt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør