I fjor sommar svingte det skikkeleg på Slusedagen. Også i år blir det mykje moro ved slusene i Skjoldastraumen. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust
I fjor sommar svingte det skikkeleg på Slusedagen. Også i år blir det mykje moro ved slusene i Skjoldastraumen. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust

Vanskeleg å kjede seg i Tysvær i sommar

Det er midten av juni, og sommaren bankar på døra. Lurer du på kva du skal finne på dei kommande vekene, er det litt av kvart å velje i Tysvær denne sommaren.

Til helga kan du både springe, høyre historier frå seglskutetida eller gå på friluftsgudsteneste. For å nemne noko.
Kommande laurdag går startskotet for Tysværtrimmen, der løypa går frå Frakkagjerd og rundt Aksdalsvatnet. Same dag opnar også kunstutstillinga til Oscar Jansen, som stiller ut målerier i Galleriet i Tysværtunet.
Søndag som kjem arrangerer Tysvær historielag Prestevandringsmarsjen frå Søvik til Amdal, og tilbake til Garhaug. På Nedstrand kan ein få med seg både friluftsgudsteneste på Leiranger på søndag, og opning av sommarsesongen i Tollbua. I Tollbua blir det aktivitetar for barn, og historier frå seglskutetida.

Fleire konsertar
Vidare i sommar kan nemnast fleire lunsjkonsertar i Aksdal kyrkje, der mellom anna Helga Gunnes og Ragnhild Meland syng folketonar, Kjersti Lofthus og Stein Johannes speler sommarmelodiar og Bergfrid Seibt, Marit Sofie Vikre og ungdommar syng sommaren inn.
Ein kan også få med seg kåseri på Hesthammar skule, skumparty for ungdom på Avanti, kviss på Verkstaden og feiring av Sankthans fleire stader i kommunen. Laurdag om ei god veke går årets Slusedag av stabelen i Skjoldastraumen, og der blir det også utedans om kvelden same dag.
Songar Amalie Tolo Jensen og pianist Jonas Apeland held konsertar i regi av den kulturelle spaserstokken på Nedstrandstunet og Aksdalstunet i slutten av juni. Desse har også same konsert i Bestastova på Tysværtunet.
Konsert blir det også på Lars Hertervigs plass i midten av juli, då dei ettertrakta artistane Lind, Nilsen, Fuentes og Holm kjem til Tysvær.
Sommaren i Tysvær blir runda av med toppkonsert på Alvanuten med BLEST på scena i slutten av august.

Sykkelritt, Hervikdag og fotballskule
For unge som har lyst til å spele fotball i sommar, blir det arrangert fotballskule både av Skjold IL og Falkeid IL den siste veka i juni.
Konseptet «Kongesommer» har vore ein suksess dei siste åra, og også denne sommaren inviterer Tysvær frivilligsentral og I LAG til kjekke aktivitetar for barn og unge. I år blir dette arrangert første veka i juli.
Hervikdagen høyrer også sommaren til, og her kan ein mellom anna delta i fiskekonkurranse og andre kjekke aktivitetar.
Når sommaren er på hell og skulestart nærmar seg, arrangerer Avanti fritidsklubb School of Rock over fleire dagar, der dei lover mange spennande aktivitetar.
Tradisjonen tru blir det også Steinsvikritt, der ein syklar rundt søre Tysvær. Det blir også Haugaland kraft Ungdomsritt same dag som Steinsvikrittet. I samband med desse to ritta blir det også arrangert sykkelritt for dei minste; Haugesunds Avis barneritt.

Det er altså mykje snadder å finne på i Tysvær for både liten og stor i sommar. Er du interessert i nokon av arrangementa kan du finne tidspunkt og meir informasjon i Tysvær Bygdeblad sitt sommarmagasin.