Vi tipper Morten Bådsvik spiller midtstopper mot FKH 2 i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Slik ser gjerne Morten Bådsvik at det også skal sjå ut på stadion. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vil ha kunstgras

Grinde stadion er fin når det er sommar og grønt. Men nå vil stadig fleire ha plast i staden for.

– Me har snakka om det på laget og stadig fleire meiner det er for stor omstilling frå gras til kunstgras og tilbake igjen. Det gjer noko med beina våre. Så om ein tar ei oppteljing i stallen, vil eg tru dei fleste hadde ønska seg kunstgras på banen nå, seier Morten Bådsvik på Skjold sitt a-lag.
Han er ein av få veteranar på laget, og har spelt på både strøkent og mindre gunstig grasteppe i Grinde.
– Før var det ein stor fordel for oss. Men nå ser me at det blir motsett. Det er så mange av dei andre laga som bare har kunstdekke, og då blir det eigentleg me som får svi. Så spør du meg, så kan dei bare starte å grave, smiler Bådsvik.

Diskutert
I klubben har kunstdekke vore diskutert fleire gonger.
– Det eg har fått stadfesta er at både fotballutvalet og hovudstyret har hatt dette oppe. Kan vel seie at det er eit ønske, men før ein kjem så langt er det mykje som må på plass, seier dagleg leiar John Inge Ulvøy.
Og i den mappa som heiter «mykje skal komme på plass», ligg der utfordringar som nærleiken til vegen, skulen, Grindebekken, økonomi og andre framtidsplanar.

Langt fram
Ein som veit mykje om dette er idrettskonsulent Geir Stakkestad.
– Me har lenge merka oss at stadig fleire i Skjold og Grinde vil ha kunstdekke. Men per i dag er det bare snakk, og ikkje noko me jobbar konkret med. Når det gjeld kunstdekke så er det Frakkagjerd stadion som er den einaste som akkurat nå er planlagt, og arbeidet der startar forhåpentlegvis i år. Så er det skifte av dekke på eit par av banane som er neste post på programmet. Fotball er den største idretten i Tysvær, og det er viktig at me tar vare på anlegga våre, seier Stakkestad.
– Kor langt fram ligg ein eventuell ny bane i Grinde?
– Det er dessverre ein del år. Det som er utfordringa er at politikarane har varsla at dei skal gjere noko med Grinde skule. Kva konsekvensar det vil få for idrettsanlegget veit ingen. Så har me store utfordringar med vegen. Den ligg ugunstig til for å vidareutvikle anlegget. Eit anna problem er bekken. Det er for tideleg å seie kva som skjer her, men dette handlar også om økonomi, seier Stakkestad.
– Og da er det snakk om rundt ti millionar?
– I dag kunne ein fått nytt dekke i Grinde for ein slik sum. Kva som skjer i framtida, med dei utfordringane knytt til arealet her, kan eg ikkje spå. Ei utfordring vil det garantert bli.

Treng meir
– Treng klubben meir kunstgras?
– Svaret på det må vere ja. Dette er ein del av kommunen der det er vekst, der politikarane har gått ut og sagt at dei vil ha vekst. Idretten, og spesielt fotballen, speler ei sentral rolle i dette. Så eg er ikkje redd for at politikarane blir med på eit eventuelt spleiselag. Men det må Skjold også. Ei tredeling vil koste klubben rundt tre-fire millionar kroner, seier idrettskonsulenten.
Ei siste utfordring som Stakkestad, og sikkert fleire lurer på, er kor djupt det er under grasmatta før ein treff på noko som kan bere ein kunstgrasbane.
– Det vil tida vise. Det er fleire meiningar om det, men at det bare er å grave litt og legge nytt dekke, er uansett heilt uaktuelt. Me gjer det skikkeleg når me går i gang. Slik blir det også i framtida, avsluttar Geir Stakkestad.