Fredag kunne ordførar Sigmund Lier opne den nye brannstasjonen på Nedstrand. Foto: Ingvild R. Myklebust
Fredag kunne ordførar Sigmund Lier opne den nye brannstasjonen på Nedstrand. Foto: Ingvild R. Myklebust

Opna etterlengta brannstasjon

I årevis har det blitt jobba for ny brannstasjon på Nedstrand. Fredag var dagen endeleg komen, og ordførar Sigmund Lier kunne klippa snora, til applaus frå dei frammøtte og stor glede for bygda.

– Gratulera med ny brannstasjon på Nedstrand. Finare brannstasjon har me ikkje i Tysvær, sa ordførar Sigmund Lier under opninga.

Aukar beredskapen
I den gamle brannstasjonen på Nedstrand måtte mannskapane køyre ut ein bil for å få plass til å få på seg kleda. Nå har dei ein flott og moderne brannstasjon, med mellom anna rein og skitten sone. Dette er det berre stasjonen på Nedstrand og ein til som har av dei 20 stasjonane i Haugaland brann og redning IKS.
Bygget har ein prislapp på omlag 15,5 millionar kroner, og ligg sentralt plassert på Hinderåvåg like ved idrettsanlegget.
– Dette nybygget har auka beredskapen betrakteleg, den ligg tett opp til kommunale funksjonar som Nedstrandstunet, barnehage og skule, sa ordførar Lier.
Den nye brannstasjonen har mellom anna vognhall for to brannbilar, personaldel med garderobar, møterom og toaletter.

Gåveoverrekking
Det var mange som ville gratulere kommune og brannvesen med ny brannstasjon, mellom anna rektor på Nedstrand barne- og ungdomsskule, Marianne Losnegård.
– Når ein får ny nabo kjem ein gjerne med ei velkomstgåve. Elevane meinte at til brannvesenet må me sjølvsagt gi ein raud hjelm full av smågodt. Håper de får lite å gjere, og får god tid til å ete smågodt og drikke kaffi, sa Losnegård.
Ho rosa også byggeprosessen, der noko av arbeidet har gått føre seg på området til skulen.
Også Tveit vidaregåande skule overrekte blomar til sine nye naboar.

Rektor på Nedstrand barne- og ungdomsskule, Marianne Losnegård.

Les meir i papirutgåva på torsdag.