Kor alvorleg er det?

Aksdal er og blir eit heitt tema der politikaren stadig hamnar i nye vanskelege situasjonar. Når ein seier nei til noko, ja då blir det heller ikkje ja til noko anna.

Denne gongen var det Albatross som var tema frå talarstolen. Det begynner å bli glissent på lista over dei folkevalte som nå trur at dette helsehuset kjem i den forma som først tenkt. At moderselskapet gjekk konkurs, og at stadig nye meiningar om parkering i og rundt senteret kjem opp, gjer ikkje dette særleg optimistisk.
Kor mange gonger eg har fått spørsmål om eg trur det blir eit Albatross Axen senter i Aksdal har eg ikkje tal på. Og når eg høyrer på debatten om forventningar, krav og idear som kvar enkelt politikar har knytt opp til dette senteret, ja då er det ikkje lett å framsnakke.
Det blei nemnt fleire løysingar også denne gongen i kommunestyret. Utbyggar må ta unna for parkering sjølv. Det blir dyrt. Kommunen må bygge parkeringshus, utan å kunne krevje avgift. Det har politikarane sjølv bestemt. Då blir det dyrt. Kommunen vil ikkje ha 2. etasje. Kven skal då ta rekninga?
Uansett kor positiv ein er til dette prosjektet begynner det å bli vanskeleg å heie på det etter kvart. Når ein i tillegg tar med at Frp heller ikkje vil støtte ei utbygging av symjehallen, som kunne gitt høge inntekter, ja då begynner dette prosjektet å smuldre alvorleg bort.
Kan det reddast?
Svaret på det er ja. Men då må ein tenke heilt annleis. Berge Sag AS er medeigar i prosjektet og kan, skal me stole på politikarane våre, ta over heile prosjektet og lage fleire leilegheiter. Ok, så er det alternativ 1. Tomta ved sida av skal vere parkeringshus. Kan den seljast på den opne marknaden, så kan det vere ei løysing me kan kalle alternativ 2.
Så er det tanken om at Berge Sag kjøper begge prosjekta og koplar dei saman til eit. Det er alternativ 3.
Så har me alternativet til dei største skeptikarane. Det skjer ingenting. Me kallar det alternativ 4.
Det som er like skremmande som at Albatross Axen ikkje har sett dagens lys er at ringverknadane begynner å bli synlege. Fleire og fleire begynner å snakke om kor vanskeleg det er å utvikle Aksdal. Når analytikarane nå legg fram vekst i detaljhandelen i Tysvær, veit alle som driv med dette at det har eit namn i vår kommune. Coop Extra.
Og då må nokon stille spørsmåla. Betyr dette omdømme av Aksdal at folk nå ikkje akkurat står i kø for å kjøpe seg inn i den italienske landsbyen? Og sist men ikkje minst. Kor lang er lista over dei som vil kjøpe Aksdal Senter?
Nå har me nemnt det, så får historiebøkene vise om det var gode eller dårlege spørsmål.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør