Nå er Frakkagjerdvegen blitt forkjørsveg, noko som eg vurderer som eit stort trafikksikringstiltak langs ein trafikkert veg, seier Arne Henry Grottvik i Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Nå er Frakkagjerdvegen blitt forkjørsveg, noko som eg vurderer som eit stort trafikksikringstiltak langs ein trafikkert veg, seier Arne Henry Grottvik i Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Nå blir det slutt på å lure

Frakkagjerdvegen har eit uttal av utkjørslar. Slett ikkje alle har fått med seg kor ein har vikeplikt. I dag treng ein ikkje lure lengre.

– Det er spesielt to av kryssa som er svært trafikkfarlege og som ein lenge har ønska å gjere noko med. Det gjeld krysset like ved rundkøyringa og utkøyrsel frå Spar-butikken. Her har det vore ein del uønska situasjonar gjennom åra, og diskusjonen har vore høglydt. I dag slepp ein denne diskusjonen for nå er Frakkagjerdvegen blitt forkjørsveg, noko som eg vurderer som eit stort trafikksikringstiltak langs ein trafikkert veg, seier Arne Henry Grottvik i Tysvær kommune.

Diskusjon
Det har vore ein debatt rundt trafikksikring i mange år. Betre sykkelvegar og overgangar for dei mjuke trafikantane har komme med i planane for «den nye» Frakkagjerdvegen som kan stå ferdig om nokre år.
– Me skjønar at folk reagerer på at det blir ei omlegging. Dei fleste har ønska forkjørsveg og Vegvesenet godkjende dette. Dei som jobbar med trafikksikring i kommune, som også inkluderer politiet støttar dette.
– Frykta er vel at det nå blir høgare fart på denne strekninga?
– Nå har me målt fart på denne strekninga i fleire rundar og med fleire metodar. Gjennomsnittsfarten her er 37 kilometer i timen. Så om farten aukar litt så tvilar eg sterkt på at den vil stige med 13 kilometer i snitt. Fartsgrensa her er 50 og den må sjåførane sjølvsagt halde seg til. Det er ikkje noko fritt fram for råkjøring fordi om det er ein forkjørsveg. me skal etter ferien ha nye målingar, og politiet er sjølvsagt også interessert å følge fartsutviklinga her.

Les heile saka og meir om trafikk i papiravisa torsdag

Slik skal det gjerast. Bilar som kjem fra Frakkagjerddalen og Rundhaug har nå vikeplikt i Frakkagjerdvegen.