Ein treng kvilestadar langs E39 for tungtransportbransjen. Foto: Statens Vegvesen
Ein treng kvilestadar langs E39 for tungtransportbransjen. Foto: Statens Vegvesen

Vil ha døgnkvileplassar på E39

Statens vegvesen ønskjer å etablere døgnkvileplassar for tungtransport på strekninga Aksdal–Bokn.

«- Utkvilte sjåførar er viktig for trafikksikkerheita. Statens vegvesen ønsker difor å gi eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som må ha pålagte kvilepausar, seier senioringeniør Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.
Døgnkvileplassane må ligge i nærleiken av E39 og ha eigna tilkomst og servicebygg med sanitæranlegg.

Vil ha tilbod frå private
– Vi ønskjer å inngå leigeavtalar med private aktørar som kan tilby døgnkvileplassar med kapasitet på cirka 20 oppstillingsplassar på strekninga mellom Aksdal og Bokn, forklarar Børtveit.
Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av døgnkvileplassane.

Totalt 100 plassar i regionen
Statens vegvesen ønskjer tilbydarar fleire stader på Vestlandet. Målet er cirka 100 oppstillingsplassar fordelt på ein stad mellom 5 og 7 lokasjonar.
– Dersom vi kjem i mål og får nokon til å drive, blir det eit nettverk av døgnkvileplassar i Rogaland og Hordaland med under ein times køyring mellom plassane.
Han beklagar at det i delar av Sogn og Fjordane dessverre ikkje er like god dekning endå.

Kan bli vinn-vinn
– Aktørane må gjerne ha eigeninteresse av at døgnkvileplassen blir attraktiv for sjåførar. I utlysinga har vi formulert ei rekke krav til minimumsstandard, fordi kvileplassane skal vere innbydande og trivelege for sjåførar. Dei skal både få kvile i ro og fred, lage seg mat og få seg ein dusj, om dei ønskjer, seier Børtveit.

Døgnkvileplassane skal vere opne 24 timar i døgnet, med tilgang til opphaldsrom, tekjøkken, toalett, vask og dusj.