Hildegunn Flengstad engasjerer seg i saka mot vindkraftverk i Tysvær.
Hildegunn Flengstad engasjerer seg i saka mot vindkraftverk i Tysvær.

Opprop mot vindmølleetablering i Tysvær

Engasjementet mot fleire vindmøller i Tysvær har eksplodert. No ligg det eit opprop i Aksdal-senteret som motstandarar kan signere.

– Eg var først ikkje klar over kor store konsekvensar dette kan få, seier Hilde-gunn Flengstad, frå Hervik, som håper at politikarane vil bruke all makt dei har, for å stoppe bygginga av Tysvær vindkraftverk.

Store konsekvensar
Tysvær Bygdeblad har siste tida skrive fleire saker om vindkraftsatsinga, der heile indre Haugalandet er peika på som eigna i «forslag til nasjonale rammer for vindkraft» av NVE. Det er regjeringa som har bestilt forslaget, fordi dei ønsker meir vindkraft på land i Norge. Ein kan snakke tusenvis av turbinar rundt om i landet dei kommande åra.
Og vindmøllene blir også høgare og høgare. Fleire stader er det no aktuelt med turbinar på 250 meter. På Gismarvik er det for eksempel søkt om å auke høgda frå planlagde 130 meter til 210 meter.
Motstandarane meiner at miljøgevinsten ikkje er stor nok, samanlikna med kor mykje det øydelegg. Ein kan nemne skader på natur, naturmangfald, fugle- og dyreliv, fritidsopplevingar og støyplager. Eit argument er også at vindkrafta til no har vore subsidieavhengig.

Ikkje fleire
Det er mange som i likskap med Hildegunn, ikkje hadde fått med seg at tre vindkraftkonsesjonar, allereie er godkjent i Tysvær; Dalsbygda, Hervik og Gis-marvik. Når forslaget til dei nye rammene kom, og det blei søkt om høgare møller, fekk saka meir merksemd, og folk begynte for alvor å engasjere seg.
Lokalpolitikarane er på banen og seier nei til fleire område. Men dei kan ikkje gjere mykje meir enn å komme med ei uttale til forslaget om nasjonal ramme. Uttalen vil dei ha klar etter eit kommunestyremøte i oktober. I forkant av mø-tet skal dei ha ein fagdag for å få meir kunnskap.
I eit forslag til uttale frå Tysvær, skriv Høgre mellom anna «Kommunestyret uttrykker djup bekymring for forslaget og seier klart nei til meir vindkraft på land i Tysvær. Kommunestyret ber om at Tysvær blir tatt ut av området defi-nert som «eigna» for vindkraft».

Allereie godkjent
Tysvær vindkraftverk blei godkjent i 2008, stadfesta i 2009 og skal etter planen vere i drift neste år. Gismarvik blei godkjent i 2013 og skal også i drift ved slutten av 2020. Dalsbygda blei godkjent i 2014, stadfesta i 2017 og har same igangsettingsdato: 31.12.2020.
Når det plutseleg nærmar seg, har fleire vakna, og no kjempar altså også poli-tikarane med nebb og klør for at ikkje fleire område skal gå til vindmøllepar-kar.
Hildegunn Flengstad håper at lokalpolitikarane viser så mykje motstand at dei klarer å trenere utbyggingane. Oppropet som ho no har lagt fram på eit av borda i Aksdal-senteret er meint for Tysvær kommune. Reglane seier at to prosent av innbyggarane i kommunen må signere for at initiativet skal bli be-handla politisk, og saka må opp seinast seks månadar etter underskriftene er mottatt.
– Me håper at så mange som mogleg engasjerer seg og skriv under, opp-fordrar ho.

Motstand nyttar
Det vil altså antakeleg komme vindmølleparkar i Tysvær, i og med at dei alle-reie er godkjent, men ein kan protestere på høgare møller, og ein kan seie nei til fleire. Tala til NVE viser at det berre er eitt tilfelle der det blei gitt konse-sjon vindkraftutbygging då kommunen sa nei.
Fleire av dei som no viser motstand mot vindmøller, stiller spørsmål ved kvifor parkane i utgangspunktet blei godkjent i Tysvær.