Som Tysvær Bygdeblad har skrive tidlegare har dei som kjempar mot vindmølleetablering i Tysvær, laga eit opprop der dei samlar underskrifter for å fremme ei politisk sak. Ifølgje lova treng ein berre underskrifter av to prosent av innbyggarane for at politikarane i kommunen må vurdere saka på nytt – innan seks månadar.
For kort tid sidan blei oppropet lagt ut på eit av borda ved Meny i Aksdalsenteret. Like etter blei det først skrive propaganda på, så stole. No er eit nytt lagt ut, denne gongen i bokhandelen i senteret.
– Det er beklageleg at nokon har fjerna det. Me håper at det ikkje er snakk om tjuveri, i såfall er det ein simpel måte å vise motstand på. Denne gongen festar me det med kjetting, seier ein av initiativtakarane, hervikbu Ådne Brathammer, då me er med han og legg innbyggarinitiativet på plass.
Vil rekke fristen
Brathammer fortel at dei i det nye oppropet vil krevje ei folkeavstemming for å stanse vindmølleetableringa i Tysvær.
– Dette kan me ifølgje kommunelova paragraf 39. No er det tilsett ein ny sjef i NVE som seier dei skal lytte meir til kva kommunane meiner, og me håpar at dette kan hjelpe på, seier han.
Det trengst i dette tilfellet rundt 220 underskrifter for å oppfylle kravet om to prosent av innbyggartalet. Dei engasjerte naboane håper og trur at så mange som mogleg vil skrive under på oppropet.
– Så håper me at folkeavstemminga kan skje så fort som mogleg, slik at me rekk uttalefristen til kommunen 1. oktober, seier Brathammer, som trur at denne saka kan bli avgjerande for dei folkevalte i kommunevalet til hausten.
Må meir på banen
Tre konsesjonar om vindemølleparketablering er for lengst gitt av NVE og Olje- og energidepartementet. Ein i Dalsbygda, ein i Hervik og ein på Gismarvik. Alle har oppstart til neste år. Siste tida verkar det som om både naboar og politikarar for alvor har vakna og blir merksame på realiteten og konsekvensane. Brathammer meiner at dei folkevalte er for bleike, at dei i staden for å seie nei til meir utbygging, bør forsøke å stoppe all etablering.
– Dei har vakna frå dvalen dei to siste månadene, og no håper me det blir full fres framover, seier han, og samanliknar vindmølledebatten med bompengesaka, som også engasjerte i stor skala.
Ønsker folkemøte
Det har allereie vore arrangert eit ope møte om vindmøllene som kjem, og politikarane har tatt initiativ til ein stor fagdag i august. No vil også motstandarane arrangere eit folkemøte i Hervik.
– Dette kjem i midten av august. Informasjon om vindkraft blir tema, og ein vil ta særskilt for seg prosjektet i Hervik, fortel Brathammer.
Også Huseiernes Landsforbund håper dei å få med. Årsaka er at mange bebuarar er fortvila over kva konsekvensar vindmøllene vil få for bustadverdiane deira.
– Det er mange i Hervik-området som er svært frustrerte no. Dette kom som ei bombe for alle. Konsesjonsvedtaket om etablering, som blei gjort for mange år sidan, har i stor grad vore skjult. Det har gått under radaren, og ingen har fått det med seg. Det er fleire i området som har kjøpt seg hus og er fortvila. Kommunen har ei opplysningsplikt, som me meiner dei ikkje har heldt. I tillegg er meklarane plikta til å undersøke og informere om slike store inngrep. Her har det svikta på alle kantar, seier Bratthammer, og legg til at etableringa også kan få konsekvensar for anna utbygging i området og turismeplassar som campinga, og dei eksotiske planane på Borgøy.
Politikarane vil bli invitert til folkemøtet. Ønsket er at dei skal sitte i eit panel for å svare på spørsmål frå salen.
Støttar initiativet
Varaordførar Ola S. Apeland skjønar motstandarane sitt syn og støtter opp om initiativet deira.
– Me tar oppropet på stort alvor, og mi eining er at me bør etterkomme kravet om folkeavstemming. Høgre støttar også initiativet om eit folkemøte om Tysvær Vindpark og vindkraft i Tysvær kommune, seier han, og legg til at han reknar med at alle partia kjem til å stille på folkemøtet.