Kvinner frå Tysvær blei Joker-millionær

Ei kvinne frå Tysvær blei 1,2 millionar kroner rikare då ho vann i Joker onsdag kveld.

Den heldige tysværkvinna tok ikkje telefonen onsdag kveld, og då blei det Ask som spelte for henne.
Med Ask si hjelp gjekk det heilt til topps på premiestigen, til og med utan Joker-hjelp. Dermed vann ho 1.196.036 kroner, skriv Norsk tipping på sine nettsider.

Då dei fekk tak i kvinna blei ho veldig glad.

– Å gå mann! Kva var det du sa? 1,2 millionar? Herlighet, eg er jo helt mållaus. Nå må eg først roe meg ned, så må eg sjå kva vi finn på, sa den glade vinnaren som ønska å vere anonym.