Joda Bratthammar…, kommuneleiinga vågar å seie NEI

Ådne Bratthammar har 11. juli eit lengre fagleg godt debattinnlegg der han har gått i djupna på støyproblematikken rundt ein eventuell igangsatt Tysvær vindpark…

Eg er godt kjent med at han har gått gjennom saksbehandlinga for denne parken og eg vil på ingen måte motsetje meg det som kjem fram i lesarinnlegget, forutan det som står til slutt. Bratthammar utfordrar kommuneleiinga og lurar på om ein vågar å seie nei. Svaret er enkelt og klart; Tysvær kommune skal vera ein NEI kommune for vindkraft. Dette synet deler ordføraren  saman med eit samla kommunestyre. På NVE sin innspelskonferanse på Flesland i juni var ordføraren tydeleg på at Tysvær er ein NEI kommune til vindkraft. Det same kom fram på folkemøtet for ei tid tilbake og som fleire organisasjonar stod bak . Me ynskjer ikkje fleire vindmølleparkar i kommunen vår. I tillegg ynskjer me å bremse og stoppe dei parkane som allereie har fått konsesjon.

Bratthammar stiller også spørsmål om rådmann og ordførar er bekvem som vertskap når ein utbyggar aldri viser ansikt. Nå skal det seiast at nokre har gjort det og andre har i alle høve sendt sine agentar for å informere – dog informere – det blir som oftast berre vist til at dei er nye eigarar og ynskjer å informere kommunen om dette. Nei, ordføraren likar slett ikkje dette – difor er ein for lengst over grensa til at ein skal ville anbefale NVE til å endre planar eller idriftsetjingsdatoar. Ordføraren ynskjer stopp for alle parkane og har allereie, og vil halde fram med å seie frå til NVE og departement om dette. Dette vil også skje ved KS si vindmøllesamling i august og i møte med miljø – og eneriminister som ordføraren har invitert inn til. Det er på dette nivået me må setje inn kapasiteten. Regjering og departement må få klare eintydige svar frå kommunen. Ikkje berre frå oss politikarar, men og alle de som jobbar saman med oss for å stoppe planar for vindmølleparkar i Tysvær.

Skal me klare dette kappløpet både med idriftsetjingsdatoar og saksbehandling til NVE og departement må me som kommune stå samla. Difor var det viktig for underteikna og Arbeiderpartiet at teknisk utval den 18.juni var samrøystes i forslaget som Arbeiderpartiet sette fram om nettopp Tysvær vindpark. Me støtta som kjent ikkje utsetjingsforslaget som vart sett fram for å vente til meir informasjon låg føre. For ordføraren og Arbeiderpartiet har me allereie nok informasjon til å seie eit klart nei, noko heile teknisk utval til slutt samla seg om. Så difor er Tysvær kommune tverrpolitisk samde om at me er ein NEI kommune til vindkraft på land. Det samrøystes vedtaket i teknisk utval er klart: nei til utsetjing av idriftsetjingsdato. Nei til endra MTA plan, og eit sterkt krav om full konsekvensutgreiing dersom NVE likevel gir Tysvær vindpark lengre tid på å idriftsetje.

Haugaland Vekst arrangerer 28. august eit informasjonsmøte om vindkraft. Både tilhengarar og motstandarar skal få kome til orde og informere.  Kommunestyret skal 1.oktober handsame saka til NVE; Nasjonal høyring om vindkraft på land. I same møte skal sak om endra MTA plan for Tysvær vindkraft opp til handsaming. Vedtaka i kommunestyret skal vera klare og tydelege. I tillegg vil det bli arbeida inn mot NVE og departement i tida fram til 1.oktober også om dei to andre parkane som har konsesjon. Felles for alle er at idriftsetjing er 31.12.20. For ein av planane ligg det ikkje føre MTA plan, for den andre er det forslag om å endre og som teknisk utval hadde til handsaming tidlegare i vår.

Tysvær kommune har i denne kommunestyreperioden arbeida mykje med å løfte fram energibehovet i regionen for å kunne trekkje til seg meir industri og dermed fleire arbeidsplassar. Gjennom RENergi programmet (tidlegare NCEC), som Tysvær er sekretæriat for, har ein over tid arbeida med sirkulærøkonomi og bruk av spillenergi frå industrien. Tysvær sitt bidrag inn i Europa sitt energibehov skal vera gjennom å løfte fram Equinor sitt anlegg på Kårstø. Me ynskjer å bidra til at Europa skal få tilstrekkeleg med naturgass i eit langt framtidsbilete. I same framtid ynskjer me at Haugalandet skal posisjonere oss for ein framtidig hydrogenproduksjon slik at Kårstø også kan vera aktuelt den dagen EU krev reinare naturgass. Gjennom RENergiprogrammet har regionen sett ny fart i Statnett sin plan (og som dei hadde stansa) om å få ei ny 420 kw linje til Gismarvik. Tysvær kommune sine næringsparkar treng elektrisitet. Kommunen treng nye arbeidsplassar. No er Statnett på ny i gang med planlegging av den nye linja.

Tysvær kommunestyre har samla styrka kommunen si reiselivssatsing. Me ynskjer at turistar som besøker kommunen vår skal sleppe å sjå svære vindturbinar på dei toppane som dei har planlagt å besøke.

Vårt fokus skal vera å ta vare på naturen, sikre mangfaldet og ikkje på vindkraft på land. Som kommune skal me stå samla opp med våre innbyggarar som vil bli sterkt råka av ei etablering av vindparkar. Regionen støttar samla opp om offshore vindkraft noko også NVE seier vil bli lønsamt. La vindmøllene kome til havs og ikkje på land slik at den vakre naturen vår blir øydelagt.

Nei, Ådne Bratthammar, kommunen er tydeleg og vågar absolutt å seie nei.  Eg vil oppfordre Bratthammar og alle andre til å arbeide saman med eit tverrpolitisk Tysvær der me saman seier eit klart NEI til vindparkar på land i kommunen vår.

Sigmund Lier, ordførar(Ap)