Sterkare saman?

Vindmøllesaka… Denne saka har tatt mykje fokus siste tida og vil garantert prege valkampen. Og godt er det. For det er ei stor sak. Tydelegvis større enn ein såg for seg for nokre år sidan, då konsesjonane blei gitt i Tysvær.
Men kvifor blei det slik? Kvifor sa politikarane ein gong ja til desse vindparkane? Det er nok nettopp det som har forstyrra folk. Siste tida har det komme fram mykje informasjon og folk har komme meir på banen – og vist engasjement. Når ein veit det ein veit i dag så er det naturleg nok vanskeleg for innbyggarar å forstå at det er deira eigne folkevalte som ein gong gav tommelen opp til desse planane.
Derfor er det utruleg godt når den fremste av politikarane – ordføraren sjølv seier rett ut at:
«Kommunestyret har i tidlegare periodar uttalt seg positivt om vindkraft på land i kommunen. Det var ei anna tid og synet og kunnskapen om desse parkane har endra seg radikalt.»
Så då har ein det svart på kvitt: politikarane sa ja til noko dei hadde for lite kunnskap om. Dei gjorde ein tabbe.
Er det ikkje då på tide å stikke fingeren i jorda, legge stridsøksene til sides og seie; no drar me lasset saman? For saman er det stor moglegheit for at ein får noko til. Står innbyggarar og politikarar saman og seier nei til all etablering i Tysvær så har ein kanskje ein reell sjans til å stoppe dette.
Denne saka er invikla. Kanskje mest fordi det har mangla på nettopp informasjon. Då underteikna skulle grave og finne for- og motargument, så var det ærleg talt vanskeleg å finne noko som framsnakka vindmølleetablering. Ikkje får innbyggarane nokon gevinst verken økonomisk eller miljømessig sett, det vil tvert imot koste mykje meir enn det gir.
Så då er spørsmålet mitt; har heller ikkje informasjonen som talar for etablering vore klar og god nok? Er det noko positivt her som me ikkje får tak på? Kvifor ønsker dei frå sentralt hald så gjerne meir etablering? Og kvifor er nettopp vårt område så godt egna?
Det er mange sider av denne saka som må dekkast, og me tar utfordringa.
Det må også politikarane gjere, og til no ser det ut som dei tar det på alvor. Då er det berre for resten av partia å gjere som Ap og Høgre i denne saka; sei klart frå kva dei meiner, kjempe den kampen dei meiner må til, og vere tydelege i forhold til innbyggarane.
Det blir spennande å sjå kva utfallet i denne saka blir og kor heit potet den blir ved haustens viktige val.

Fungerande redaktør
Mona Terjesen