Slik såg det ut då Straumen dagsenter skulle starte dagen måndag denne veka. Foto: Ingvild R. Myklebust
Slik såg det ut då Straumen dagsenter skulle starte dagen måndag denne veka. Foto: Ingvild R. Myklebust

Møtt av trist syn- igjen

Berre sidan april har Straumen dagsenter fleire gonger opplevd at nokon har gjort øydeleggingar på uteområdet deira. Måndag morgon flaut det igjen av knuste blomsterpotter og øydelagde planter.

Straumen dagsenter er eit aktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Her kan ein mellom anna vere med på kultur – og fritidsaktivitetar, drikke kaffi og prate. Brukarane av tilbodet får skyss til og frå Skjoldastraumen, og er frå heile Tysvær. Det er mellom 11 og 14 som vanlegvis deltar. Straumen dagsenter held til der det tidlegare var barnehage i Skjoldastraumen, like ved slusene.
Utanfor den gamle barnehagedelen av bygget, er det ein asfaltert plass der dagsenteret har planta mellom anna tomater, sukkererter og jordbær i potter. Dei har også gjort det triveleg med ymse hagemøblar.

– Dette er eit lågterskeltilbod, og ein har ikkje midlar til å lage til noko. Me har fått frø, moll og potter for å lage eit utemiljø. Me har også fått hagemøblar, fortel Synnøve Ølstørn som er sjukepleiar og tilsett ved dagsenteret.

Ølstørn har arbeida ved dagsenteret sidan april i år, og fortel at det heile fem-seks gonger har vore nokon å øydelagt det dagsenteret har laga til på uteområdet sitt.

– Gjentatte gonger har me komme til velta potter og ting har vore slengt rundt om kring. I helga hadde nokon tatt stolane med seg ned på brygga, og ein var blitt knust. Dei hadde også begynt å øydelegge ein plantekasse med jordbær, knust blomsterpottene og rive ut plantene, fortel Ølstørn til Tysvær Bygdeblad måndag føremiddag.

– Det er ikkje så mykje me har, men det betyr noko når dei som nytter dagsenteret kjem og så flyt det på uteområdet. Me veit ikkje kor mykje me skal legge i uteområdet viss dette held fram. Me er fire tilsette på dagsenteret, og det er mykje å styre med for oss å rydde opp kvar gong. Me er der for brukarane, ikkje for å spa og rydde. Det skal ikkje vere naudsynt å politianmelde dette, men me ønskjer å bevistgjere foreldre slik at kanskje dei kan ta ein prat ungane sine, seier Ølstørn.
Ho legg til at dersom nokon veit noko om hærverket, kan dei gjerne komme med eit vink til dei tilsette på dagsenteret.
– Dei som har gjort det kan godt komme å rydde opp, seier ho.