Skjermbilde 2019-08-06 kl. 10.07.24

«Elieser 6» kjem til Skjoldastraumen

Ein gamal kjenning er på veg. Betelskipet «Elieser 6» kjem til Skjoldastraumen.

Betelskipet «Elieser 6» kjem til Skjoldastraumen den 14. august, og vert verande i halvanna veke fram til og med sundag den 25. Me har fått avtale med kommunen om å få liggja til kai ved Notaflot. Som kjent går vegen sørover like vest for slusene og Grendasenteret. Dette er eit fint friluftsområde. Ettermiddagen i friluft og kveldsmøte om bord må vel vera ein fin kombinasjon.

Talarane er godt kjende i området frå før. Paul Mattis Nørstebø er songevangelist og kjem frå Korsvegen i Trøndelag. Georg Kallevåg er misjonssekretær og bur i Skudeneshavn. Dei er båe tilsette i Den Indre Sjømannsmisjon. Arne Hansen og Tone Kallevåg vil delta med song og vitnemål. Dei arbeider på «Elieser 6» til vanleg.

Det vert møte kvar kveld. Kollekt og enkel servering etter møta. Laurdagane 17. og 24. vert det Hyggje- og misjonskveld.

Bibelcamping ?
Berre i Tysvær kommune finst det campingplassar i Nedstrand , Sandvik , Skjoldastraumen , Hervik og Grindafjord. Dei som har litt sein ferie , kan bu på campingplassen på vanleg måte , og ha møta på «Elieser 6» som ein fin kveldsaktivitet. Dette vert bortimot som bibelcamping.