32 dagar igjen

Det er i dag 32 dagar igjen til kommunevalet i 2019. Valkampen har begynt å ta fart, og det har allereie tatt full fyr.

I desse dagar pakkast det fram valkampeffektar og program som skal lokke deg til valurna, og til å stemme på «rett» parti.
Det første er svært viktig. Me har sagt det før, og me gjentek det gjerne. Det å gi stemme i eit demokrati som Norge er svært viktig. Det er noko alle bør gjere. Er du null interessert i politikk, så ja vel. Gå nå og vis at du er for demokratiet i alle fall.
Me har nå begynt å få ei oversikt over kva politikarane våre lovar i den neste perioden. Ikkje akkurat saker å finne fram flagg og faner for, kanskje, men det vitnar om eit politisk Tysvær som nå lyttar meir til sine innbyggarar, og som har plukka ut ein del saker som mange bør ha interesse av.
Det som fort kan skje i valkampinnspurten er at lokalvalet nok ein gong blir eit personval, eller la oss kalle det ordførarval. Alle tal og målingar så langt tydar på at Sigmund Lier kjem til å halde fram som ordførar. Så er det ein open kamp mellom Ola S. Apeland og Sven Ivar Dybdahl om varaordførarplassen. Om då ikkje AP frir til nokre andre etter valdagen.
Men ein ting verkar meir og meir tydeleg, og det er, som me skreiv før ferien, at duoen Lier/Apeland neppe kjem til å spele opp til politisk dans i framtida. Sistnemnde sitt opne brev til ordføraren og rådmannen visar at nå er det nok for Høgre-leiaren. Nå vil ha han på bordet fakta i vindmøllesaka som heile/halve Tysvær plutseleg har meiningar om. Eit voldsamt engasjement har sett fyr også i politikarane.
Iallefall nokre av dei.
Miljøparti som Venstre, MDG og SV er lite synlege i debatten. Og det er kanskje ikkje så lett. For «alle» er imot vindmøller akkurat nå. Spørsmålet er om ein kan rette opp nokre av «feila» som er vedteke tidlegare. Og det som den gongen var samrøysta og bra, er i dag det motsette. Korleis nokon vil skåre politisk gevinst på dette er vanskeleg å spå.
Fram mot valdagen vil Tysvær Bygdeblad i samarbeid med mellom anna Ungdomsrådet, Tysvær kommune sin valkomité og TV-Haugaland by på både paneldebattar og innslag på nett. Har du spørsmål du vil me skal stille listekandidatane, eller har du tema du vil me skal ta opp, så send oss gjerne ein e-post om dette. Så skal me love å gjere så godt me kan med å få dei til å svare for seg.
Valkamp er spennande, uansett temperatur. Og listekandidatane har god grunn til å få sleppe til. Dei er som folk flest og minst like spente som oss på kva som dukkar opp på vegen fram til 9. september.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør