– Me som reiser rundt om i landet og opplev mykje, blir flinke til å lytte etter kvart. Det eg har høyrt her i Aksdal er rett og slett ein fryd for øyre. Måten dei har samla tenester, organiseringa og ikkje minst korleis dei har lagt til rette for dei tilsette her, er heilt fantastisk. Dette skal eg ta med meg vidare inn i den politiske banken me har, for her var det mykje å lære, seier Kolberg.
Stortingspolitikaren nyttar alle sjansar han har til å reise rundt for å samle kunnskap. Og helse- og omsorgspolitikk står nå øvst på dei fleste kommunar sin agenda.
– Det står nok høgt oppe på mange parti sine valprogram også vil eg tru. Og då handlar det om kunnskap, evna til å tenkje nytt, og ikkje minst sjå kva andre får til. Desse timane i Tysvær var verkeleg nyttige for meg, seier Kolberg.
Mykje å vise
Det var mellom anna omsorgssjef Annbjørg Lunde og seksjonsleiar Nils Olav Eintveit som viste veg til Tysværtunet, Stølsberg og Aksdalstunet.
– Det er på mange måtar inspirerande for dei som jobbar med helse og omsorg at det kjem kjende politikarar på besøk for å høyre korleis me driv. At vår modell er spennande det veit me, og nå kan det vere at andre kommunar får høyre om dette, seier Eintveit.
På Stølsberg fekk følgje, som også inkluderte ei rekke lokalpolitikar, høyre om erfaringar etter innflyttingsperioden, som nå er over i meir normal drift. Teknologi og tilsette gir bygget eit spennande løft, som tydeligvis fleire i følge likte å høyre om.
– Me har ein plan for dette i Tysvær, og det er kjekt å vise fram Stølsberg. Her har me tatt i bruk ny teknologi, og nå ventar me spent på korleis dette har slått ut. Det me har høyrt til nå likar me, sa ordførar Sigmund Lier.
Arbeidstid
På Aksdaltunet fekk Kolberg høyre om dei nye arbeidstidene til dei tilsette. Om sjukefråvêr som hadde gått kraftig ned, og om eit samarbeid på tvers av fagfelt. AP-politikaren lytta, nikka og smilte. Dette var gode ord i øyret for ein sosialist.
– Eg er imponert. Me høyrer alt for ofte at ting ikkje går ann. Her har dei vist det motsette. Som sagt så vil eg ta dette med meg heim, sa Kolberg.
– Når du snakkar om politiske bankar. Kan du forklare kva det er?
– I Arbeidarpartiet er det omlag 75 personar som nå jobbar skift med å stå til teneste for lokalpolitikarar som treng hjelp i valkampen. Dei tar imot innspel og fordelar dei vidare. Det å drive ein valkamp er på mange måtar eit lagspel, der innspel som kjem inn blir vurderte, om dei kan nyttast andre stadar. Eg har stor tru på å reise rundt, samle inn informasjon, men også backe opp lokalpolitikarane våre. Dei gjer ein fenomenal jobb, smiler Kolberg.
Kolberg var også hovudgjest under eit medlemsmøte på kveldstid der medlem frå heile Haugalandet var møtt fram.
– Kva blir ditt beste minne frå denne turen til Aksdal og Tysvær?
– Fantastiske løysningar og flotte folk innan helse og omsorg. Det skal ein vere stolte over. Så var det skikkeleg flott med kombinasjonen bibliotek, idrett og helse på Tysværtunet. Imponerande løysning, avsluttar Martin Kolberg.