LEIAR: Venstre i trøbbel

Ny meiningsmåling i Tysvær Bygdeblad er godt lesestoff for våre listekandidatar og folkevalte. Høgre har snudd ein negativ trend, medan Senterpartiet går litt tilbake, og Arbeidarpartiet framleis står fjellstøtt. SV og MDG har per i dag ein representant kvar inne i kommunestyret.
For Venstre derimot er det krise og samling i botn.

For når 1,1 prosent av 500 tysværbuar seier dei vil stemme på Venstre er det heilsvart. Nå må jobben gjerast dei neste tre vekene, eller så går me inn i ein fireårs periode utan Venstre i kommunestyret. Og dette er eit fall som svir. Frå oppturen for fire år sidan då Torunn Vestbø Gjerde og partiet (3 rep.) tok veljerane med storm, og fram til dette fallet, har vegen vore kort og nedover. Nå må det snakkast alvor på grupperommet.
Tala i meiningsmålinga er ferske og har fått med seg vindmøllesaka. Og det er ikkje rart at den ikkje har slått ut på målinga. Alle partia er einige i den saka og det er stort sett berre komma og orddelingar som skil dei på papiret. Svaret til alt som har med vindmøller i Tysvær å gjere, er eit rungande NEI. Det gjeld nå og det gjeld for framtida.
Når ein får slike meiningsmålingar så er det alltid freistande å leike med tal. Spesielt med tanke på kven som skal styre dei neste fire åra, og då meiner eg å styre fleirtalet. At Høgre og AP skal finne saman igjen etter dei siste vekene med solid oppvask i offentlegheita, er tvilsamt. Det er kan hende heller ikkje sunt.
Alternativ éin er Sigmund Lier som ordførar og Gunn Marit Lygre som vara. Kan det gå? Ja, kvifor ikkje. Om våre tal hadde vore valresultatet så kunne Lier fridd til Lygre og til for eksempel SV og fått fleirtal, utan SP eller Høgre. Det hadde vore eit samarbeid som kunne fungert i Tysvær. Og tar ein med Sebastian Tysvær og MDG, som akkurat nå er inne med ein representant på laget, så hadde dei hatt 16-13 i kommunestyret.
Alternativ to er AP pluss Senterpartiet. Det gir også fleirtal på 15-14. Det har til no vore det som har vore det tydlegaste alternativet, men alternativ éin er vel kanskje likevel meir politisk spiseleg.
Alt 3. Dybdal (SP) og Apeland (H) som dei to på topp. Det er berre ti plassar av dei 29 og då må dei ha med seg fleire parti. FrP, tja. Krf, kanskje. Uansett må dei ha med endå fleire på laget om nokon av dei lar seg freiste.
Dermed er ordførarkabalen heilt open. Ingen har sagt at dei vil samarbeide til no. Måndag skal me spørje toppkandidatane under fjernsynsinnspeling i samarbeid med TV Haugaland. Kan hende får me eit svar då. Om ikkje er det ein ny sjanse under partileiardebatten i Tysværtunet 3. september. Og får me ikkje svar då, vil me garantert få eit svar i veka etter valdagen den 9. september.
Ordførar og varaordførar får me. At det er litt opent gjer det heile enda meir spennande, og gir deg ein ekstra god grunn til å stemme. Hugs at i Tysvær er ei enkelt stemme mykje verd.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør