Anne Karin Espevik, Åshild Austerheim Milje Karoline Hettervik og Kaja R. Brevik tok i mot stemmer ved sist val. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust
Anne Karin Espevik, Åshild Austerheim Milje Karoline Hettervik og Kaja R. Brevik tok i mot stemmer ved sist val. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust

Nå kan du førehandsstemme

Det nærmar seg val, og nå kan ein førehandsstemme. Det skal ikkje stå på moglegheiter til å gi si stemme før valet, valurna står klar både vekedagar og somme helger fram mot valdagen.

Ein har også kunna tidlegstemme frå 1. juli.

– Det har vore meir tidlegstemmer enn før. Då er det jo lov å håpe på stor valdeltaking i år, seier Åshild Austerheim Milje i servicetorget i Tysvær kommune, som legg til at det også har vore ein jamn straum av folk som vil førehandsstemme etter at moglegheita for dette opna måndag denne veka.

Mange høve

Framover mot valdagen 9. september kan ein førehandsstemme på rådhuset på dagtid. Elles kan ein også stemme på Tysværtunet laurdag 24. august og laurdag 31. august. Torsdag 29. august er det mogleg å stemme på Tysværtunet heilt til klokka 18 om kvelden. Onsdag 28. august kan ein også førehandsstemme på Nedstrandstunet.

– Det skal altså vere gode moglegheiter for å få førehandsstemt, smiler Austerheim Milje.

På sjølve valdagen kan ein stemme fram til klokka 20 om kvelden. Ein treng ikkje å stemme der ein bur, så lenge det er i sin eigen kommune. Om ein bur på Nedstrand og arbeider i Aksdal, kan ein til dømes stemme i Skjoldastraumen på veg heim.

Det er mange krefter i sving på valdagen, både i stemmestyra rundt om i kommunen, valfunksjonærar og sekretariatet i kommunen.

– Me begynte våre førebuingar rundt nyttår, så me har gode rutinar og sjekklister. På sjølve valdagen kokar det, men me gler oss, seier Austerheim Milje.

– Bruk stemmeretten

Ho oppmodar alle til å bruke stemma si ved årets kommuneval, anten ein stemmer på førehand av valet eller på valdagen. Ho fortel om at det ein dag kom innom ein av våre nye landsmenn som skulle stemme, og stoltheita han følte av dette.

– Han brukte lang tid før han kom og skulle legge stemma si oppi valurna. Eg tok fram urna, og ansiktsutrykket hans endra seg. Han viste ei så stor stolheit av å få legge stemma i urna, og spurte om eg ville ta bilde då han gjorde det. Det gjorde eg. Ein seier gjerne at ein skal «gjere plikta si» når ein stemmer, men eg synst det er viktig å hugse på at å stemme er ein rett me har. Me er heldige som har frie val her i Norge, og burde oftare tenke på kor heldige me er som bur i ein demokratisk land, seier Åshild Austerheim Milje.

Her er oversikta over kvar og når du kan førehandsstemme.