Henning Aarekol og Stian Halvorsen håper at mange vil ta turen til Tysværtunet 28. august, for å høyre på dialogen mellom dei to. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Henning Aarekol og Stian Halvorsen håper at mange vil ta turen til Tysværtunet 28. august, for å høyre på dialogen mellom dei to. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

I dag kl 12.00: Ein viktig lunsjprat

Stian Halvorsen fekk livet snudd på hovudet etter ei trafikkulykke. Vegen tilbake er lang og draumane mange. Nå vil han fortelle om dette til deg.

– Det er så mykje positivt, sjølv om det samstundes er så vanskeleg. Eg tar steg for steg og det er så mykje eg har lyst til å gjere. Eg er ein superoptimist, seier Halvorsen i kjent stil.
Onsdag 28. august inviterer han til ein halvtimes samtale i foajeen i Tysværtunet.
– Han er stor fan av Bygdebladet og kulturhuset sine lunsjkonsertar og hadde lyst å fortelle si sterke og optimistiske historie i ei setting som liknar på dei. Han hadde eit sterkt ønske om at Henning Aarekol skulle leie samtalen, og at redaktøren i Bygdebladet skulle opne det heile, slik som er vanlig under lunsjkonsertane. Det har me nå klart å få på plass, seier Tove Rullestad som har ein finger og to med i spelet.

Gleder meg
Multitalentet Henning var ikkje vankeleg å spørje for Stian. Nå har dei allereie funne tonen.
– Dette var ein samtale det var svært lett å takke ja til. Stian er ein fantastisk fyr og eg trur mange har godt av å høye historia som han har å fortelje. Ikkje minst den positiviteten som han har rundt framtida. Eg håper og trur me får ein fin halvtime på scena, der me får fram korleis det er å vere trafikkskadd på ein fin måte, seier Henning Aarekol.
– Eg likar Henning svært godt. Har høyrt på han mange gonger og han er flink til å snakke med folk. Eg håper at det å fortelje historia mi også kan vere motivasjon for andre. Sjølv om kvardagen kan vere heilt svart, så er det alltid noko å stekke seg mot. Eg tar eit og eit steg, seier Stian.
– Og det gjer han med ein lun humor. Han er ein fin fyr som har mykje å melde, seier Henning.
– Me har valt å legge det i den opne foajeen slik at dette er eit lågterskel tilbod for alle. Me tenkte først på «Bestaståvå», men det er ikkje alle som naturleg kjem inn der. Dette er også ein viktig samtale for oss som jobbar med helse og omsorg på Tysværtunet, seier Tove Rullestad.
Halvtimen har fått namnet «Plutselig snudde livet».