Paul Hansen, Carl Øyvind Apeland, Torbjørn Økland og Marie Klåpbakken i Blest skal spele toppkonsert.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Paul Hansen, Carl Øyvind Apeland, Torbjørn Økland og Marie Klåpbakken i Blest skal spele toppkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ikkje redd for litt blest

Det nærmar seg toppkonsert i Aksdal med stormskritt, og kvartetten i Blest er ikkje redd for litt regn og vind. – Me tåler ein god del, og lovar ein strålande konsert.

Vokalist og låtskrivar Paul Hansen har vore ute ein haustkveld før. Både med Blest og med Vamp. Vind og regn, fjelltoppar og djupe dalar. Slikt er blitt ein del av artistlivet. Og turen til Alvanuten 31. august ser han fram til.
– Ja, det gjer eg faktisk. Eg likar å gjere litt spesielle ting, og desse toppkonsertane i Aksdal har eg høyrt mykje positivt om. For oss kjem han på eit helt perfekt tidspunkt, med ny plate og singelslepp på gong. Singelen «3 stykk i bilen» slepp me faktisk i morgon, og plata kjem i slutten av september, med tittelen «September». Så Blest er verkeleg på gang om dagen, seier Paul Hansen.

Kvartett
Saman med Carl Øyvind Apeland, Torbjørn Økland og Marie Klåpbakken utgjer han kvartetten som skal starte opp igjen den flotte tradisjonen som toppkonsertane var.
– Det som er viktig for oss er at folk får ei fin musikalsk oppleving, i ein ekstremt vakker natur. Me som speler mykje kvar for oss ser alltid fram til kunne møtast som band og skape noko saman. Det gjer me på plateinnspelingane, og det gjer me på konsertane. Det er ein magi som då blir skapt, og som publikum er ein del av. Og ein slik toppkonsert trur eg blir magisk både for oss på scena, og for dei som finn vegen til topps, seier Hansen.
Treff arrangøren og Blest med været kan det på ny bli ein storslått blanding av natur og musikk.
– Mange artistar drøymer om slike jobbar, der ein kan utfalde seg i naturen. Eg trur vår musikk passar strålande til ein slik type konsert. Så folkens, bli med å ta turen til Alvanuten, neste fredag. Det blir stas, seier den kjente songaren.
– Og bandet er sjølvsagt så godt trena at ein liten fjelltur tar ein på strak arm?
– Heilt klart. Eg har sett kven som har vore der tidlegare, og når dei har klart det, så skal jaggu meg me også klare å komme oss til topps, smiler Hansen.

Hektisk
Paul Hansen ser føre seg at konserten i Aksdal blir starten på ein travel haust med konsertar i både Haugesund, Stavanger og Oslo. Med ei ny plate blir det meir å gjere også på scena.
– Både det å gi ut nytt materiale, og å gjere slike konsertar som i Aksdal utfordrar oss litt og det treng me. Når me speler inn ei plate har me eit knippe låtar som me til slutt jobbar saman med å utvikle til det ferdige produktet. Når du har slike som Torbjørn og «Calle» med på laget, så er det alltid sterke meiningar om det musikalske. Og det likar eg. Det blir Blest av det til slutt, og me har laga eit knallbra album også denne gongen. Eg har lytta mykje på det i det siste, og folk har noko å glede seg til.
– Kva med smakebitar under toppkonserten?
– Det blir det faktisk. Må sjå kor mykje det blir, men den nye singelen kjem garantert. Det same gjer dei mest populære songane frå den første plata også.
– Korleis planlegg du ein slik konsert?
– Me vil sjølvsagt servere det beste me har gitt ut. Når folk set seg til rette på ein fjelltopp er kontakten mellom oss og dei svært viktig. Me skal kose oss i lag, og då må låtmaterialet og lydbilete tilpassast slik vêret tillèt det ein slik seinsommarkveld.
– Høyres ut som litt skrekkblanda fryd dette?
– Ja, men er det ikkje slik det skal vere da. Tenk om me får godt vêr med solnedgang i horisonten, og vår musikk som ein del av kulissane. Ikkje rart me gleder oss, seier Paul Hansen, som har vore med på noko liknande ein gong før.
– Då eg spelte i Vamp hadde me ein konsert på ei fjellhylle i Sogn. Den er forresten vist på NRK. Me måtte klatre opp ein bratt sti, og fleire av oss krøyp den siste biten. Stien var visstnok fiksa veka før me kom, på grunn av ras. Vel, eg trur turen til Alvanuten blir av det meir koselege slaget. Me snakkast på toppen, avsluttar Paul Hansen.