Christoffer E. Apeland svarer på motbøren. Foto: Mona Terjesen
Christoffer E. Apeland svarer på motbøren. Foto: Mona Terjesen

Delte meiningar i bryggesaka

Christoffer E. Apeland står fast på at han ikkje har gjort noko ulovleg i bryggesaka på Førland. Kommunen hadde helst sett at han hadde venta på ei godkjenning før han sette ut den 20 meter lange flytebrygga.

Tysvær Bygdeblad skreiv denne veka om ein entreprenør som har anlagt brygge på Førland, etter sigende utan å ha tillating på plass frå kommunen. Det blei i teknisk utval, stilt spørsmål om dette, noko som lokalavisa refererte til.

Då saka blei delt på nettet, tikka det inn mange kommentarar, og no ønsker entreprenøren, som er Christoffer E. Apeland å forklare si side av saka.

Han fastslår at ikkje alle fakta har komme fram i saka, og at mistankane om at noko ulovleg er gjort, er feil. Apeland har dokumentert i forhold til Tysvær Bygdeblad at han fekk godkjenning av Havnevesenet til å sette ut flytebrygga i mai, og fortel at han før søknaden blei innlevert var i førehandskonferanse med kommunen om saka, og at søknaden blei levert til kommunen 25. mai. Det kom inn ei naboklage på planane 3. juni, og han ventar framleis på svar frå kommunen.

– Mi oppfatning var at kommunen aksepterte utlegging av flytebrygga, og at flytebrygga som blei lagt ut 28. juni, kan etter lova ligge der i inntil tre månadar utan godkjenning frå kommunen, poengterer Apeland.

Han meiner altså at han ikkje har gjort noko ulovleg når det kjem til brygga i denne saka.

Anna oppfatning

Spørsmålet som blei stilt av Anna Henriette Eikje under førre utvalsmøte lyder slik:

«Politikarar er igjen kontakta om graving og bygging på Førland, denne gong på gbnr 18/6. Folk reagerer på storleiken på tiltaket og på den uvanleg raske saksgangen kommunen må ha hatt i sommar. Korleis kan tiltakshavar ha fått så raskt løyve til tiltak i hundremetersbeltet mot sjø, og utan at det har vore oppe i teknisk utval?»

Teknisk sjef Bjørn Bruaset skal komme med eit svar til politikarane i neste møte, men gir oss no ei forklaring på korleis saka ligg ann frå kommunen si side.

– Kommunen behandlar no søknaden frå grunneigaren, om å erstatte den eksisterande brygga med ei større flytebrygge. Den nye flytebrygga er allereie lagt ut. Kommunen forventar at alle søkarar forheld seg til reglane som gjeld, og ikkje sett i gang tiltak før det føreligg nødvendige godkjenningar, uttaler han.

– Dette avviser Apeland, som seier at kommen var godt kjend med heile saka før brygga blei lagd ut, og han stiller seg heilt avvisande til Bruasets forklaring, som sjølv har vore i møte med tiltakshavar om saka før brygga blei lagt ut.

Sjekker kven som har gjort kva

Tipsa som lokalavisa fekk, og spørsmålet som blei reist i teknisk utval, gjekk altså også på bygging og graving i strandsona. Ein veg ned til sjøen skal ha blitt utbetra. Denne meiner utbyggaren blei etablert for mange år sidan, og berre er blitt fiksa på. Også dette dokumenterer han via foto og salsprospekt.

Bruaset forklarar at kommunen kartlegg tiltaka i strandsonen, og at det er gjort fleire grep på denne eigedomen over mange år.

– Kommunen arbeider nå for å få oversikt over kva som er utført, kva er det søkt om, kva er godkjent og kven som har utført tiltaka. Det er kjent at kommunen i fleire rundar over mange år, har utført tiltak i samband med vatn- og avløpsprosjekt i dette området. Grunneigarar har utført tiltak for å legge til rette for private aktiviteter, seier han, og fortel vidare at kommunen no jobbar med å så langt som mogleg få klarheit i kva kommunen har utført, kva Apeland har utført og kva dei som eigde plassen før har gjort.

Når det kjem til grøftearbeidet så er kommunen kjent med at Apeland har utført dette i sommar, og Bruaset poengterer at grøfing av landbruksareal på eiga tomt ikkje er søknadspliktig.

– Kommunen har god oversikt på gravinga i strandsona, da kommunen er den einaste som har eventuelt har utført ulovleg gravearbeid på eigedomen, seier Apeland, som forventar en full gjennomgang av saka, samt at kommunen trekk tilbake det som etter hans vurdering ikkje medfører sanning.

– Som entreprenør og utbyggar har me eit godt forhold til kommunen, avsluttar Apeland, som undrar seg på om motiva til Krf. meir har med valkamp å gjere enn sjølve saka.