Idretten i sorg

Så har det skjedd igjen. Ein av våre store idrettsheltar har gått bort. Hallvard Hanevold er heilt ubegripeleg ikkje lengre blant oss.

For mange i Skjoldastraumen er det eit nytt sjokk. Han er den andre «helten» frå Sluseløpet som har gått bort på kort tid. Vibeke Skofterud var den første.
Men idretten har ein fantastisk måte å søke saman på når slike hendingar kjem. Ein blir slått i bakken av sorg, men samstundes viser idrettsfamilien ein unik styrke til å reise seg, og til å halde saman. Me såg det i langrennsmiljøet då Ida Eide døde. Samhaldet i den norske troppen blei tettare, og betre enn nokon gong.
I padlemiljøet er Lars Magne Ullvang kongen for tida. I helga sikra han seg sin fjerde Kongepokal. Men i glansen av kongens pokal er han raskt framme med at den ikkje smakar like godt som dei tre andre. Grunnen er at hans argaste konkurrent Amund Vold fekk påvist kreft i sommar. Og at samhaldet også i det miljøet er sterkt viste Ullavng då han i World Cup stilte i K2-en der Amund skulle ha padla med broren Eivind. Ullvang visste godt at det kunne øydelegge for sine eigne sjansar til å kvalifisere seg til OL i K1.
Dette vitnar for det første om eit stort menneske, noko Ullvang har vist før også, men samstundes kor viktig samhaldet og miljøet i idretten er for å kunne lukkast.
For ein dag vil også Lars Magne møte motgang, og då veit han at miljøet stiller opp. Å ha den ballasten med seg må vere ei heilt fantastisk kjensle.
Det er ikkje lett å overføre dette unike til det daglege liv, men for mange bør det vere ein tankevekkjar når ein ser korleis tette miljø, der alle stiller opp for kvarandre gir gevinst. Når ein ligg nede er dei andre på plass med ein gong. Utan krav og forventing om å få noko tilbake. Det virke på oss utanfrå at nøkkelen til suksess ikkje alltid er å sette seg sjølv først, men å bygge seg opp eit sosialt nettverk som er der for deg. Sjølvsagt må utøvarar som Lars Magne Ullvang få lov å vere ein egoist i kampen om ein OL-plass, men han har samstundes skjønt det mange andre topputøvarar i den seinare tid har vist. Saman er me sterke.
Eg vil nok ein gong gratulere Lars Magne Ullavng med ein Kongepokal. Det gjer noko med oss alle i Tysvær som er glad i idrett. Men eg vil at du Lars Magne skal skjøne at du også er eit førebilete på mange andre måtar.
Og skulle det nå ein gong gå så gale at du ikkje kjem til OL, så har du vunne likevel. I kajakken, men også på land i landslagsmiljøet og klubbmiljøet i Tysværvåg som du set så høgt.
Slike idol treng me, og vil me ha fleire av.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør