SP fekk 18,3% av førehandsstemmane. I 2015 fekk dei 8,7. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
SP fekk 18,3% av førehandsstemmane. I 2015 fekk dei 8,7. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Eg er pessimist, så kan eg heller bli positivt overraska

Sven Ivar Dybdal (SP) er strålande nøgd etter førehandsstemmane. Over 18 prosent, fem mandat i kommunestyret og ei auke på 9,6 prosent frå 2015.

Men han er nøktern når me ber han meine noko om det endelege valresultatet som kjem. 

– Eg trur ikkje me hamnar så høgt. Me gjorde det veldig godt då førehandsstemminga byrja, men så har me sunke litt utover sommaren og hausten. Klarer me 18 så skal me vere utruleg godt fornøgde. Men eg er altså pessimist, så kan eg heller bli positivt overraska, seier Dybdal. 

SP ligg no og vippar på mellom fem og seks mandag i kommunestyret. 

– Det er stor skilnad på fem og seks. Får me fem er me fornøgde, men får me seks er me superfornøgde, smiler Dybdal. 

SP-toppen avslører at dei allereie har prata med fleire parti om samarbeid til hausten.