Dei første spente politikarane er allereie på plass i rådhuset. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dei første spente politikarane er allereie på plass i rådhuset. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

VAL 2019: Fleire har førehandsstemt i år

Heile distriktet vitnar om større oppslutning rundt førehandsstemminga ved dette valet enn sist, også Tysvær. Kva parti stemmane har gått til får me vite klokka 21.00.

 

 

 

– Ved valet i 2015 var det 1190 som stemte før valdagen, denne gongen 1817, fortel Liv Jorunn Frønsdal, leiar av valkomiteen.

Ho trur mykje av årsaka til at så mange fleire nyttar seg av førehandsstemme-moglegheita er at folk har hatt moglegheit til å stemme fleire stader i kommunen.

Ein ventar at talet vil bli noko høgare, då ein god del stemmer kom inn i ettermiddag, og dei er ikkje telt opp enda.