Birge Nymark og Meny Aksdal er støttespelar for SKjold IL og John Inge Ulvøy i nye tre år. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Birge Nymark og Meny Aksdal er støttespelar for SKjold IL og John Inge Ulvøy i nye tre år. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Storsponsor i nærmiljøet

Meny Aksdal og Skjold IL har hatt eit samarbeid i over 25 år.  Begge partar vil gjere kvarandre gode.

– For oss som sponsor er det viktig å sjå kva som skjer rundt oss. Og for oss er Skjold IL den største klubben og dei vil me halde fram med å støtte. Men det er eit tovegs samarbeid, der også dei bidrar for oss, seier butikkeigar Birge Nymark i Meny Aksdal.
Han går nå inn i ein ny treårig avtale som er verdt 150.000 kroner over tre år for idrettslaget i Grinde.
– Meny er viktige for oss, og dei er ein støttespelar me kan stole på. Me har utvida vår konmtakt med dei etter at dei opna for catering. Me nyttar oss av det, det same gjer fleire av dei som leiger klubbhuset vårt. Å ha Meny med på laget betyr mykje for oss, på fleire måtar, seier dagleg leiar i Skjold John Inge Ulvøy.