Lite kan måle seg med merksemda Greta Thunberg får i sin klimakamp. Den 16 år gamle svenske jenta har tatt dei vaksne som regjerer i «øyra», og fått ungdommen sine meiningar på dagsorden.
Det er ein imponerande kamp ho reiser rundt og frontar. Støtte og hat skummar rundt henne kvar einaste dag. Engasjementet er enormt, og ho er i desse dagar på alle dei store kanalane. Ho får fram si sak, og ho varslar at ho vil kjempe vidare.
Det er sjølvsagt i ein annan divisjon våre unge lokalpolitikarar nå skal ut og kjempe sine kampar, for sine saker og for sin generasjon. Men likevel. Det er lov å samanlikne. Ungdommens meiningar er kjekt å snakke om for oss vaksne, men tar me dei på alvor.
Det skal me rimeleg snart få svar på. For både Pauline Vik Vestly (V) og Turid Elin Tjoland (Ap) har tenkt å bruke plassen i det nye kommunestyret til nettopp å fortelle kva ungdommen meiner og er opptatt av. Og dei er ikkje aleine om å meine noko. Også Høgre sin listekandidat Tanya Johnsen har tenkt å melde seg på. Gjennom leserabrev, og på politiske møter. Me anar ein generasjon som har vett til å seie i frå.
Eg seier ikkje at me nå skal få eit ungdomsopprør med mykje klaging og syting. Nei, lite tyder på det, men me vil få ungdommar som tør å snakke ungdommane sin sak. Om kva dei tenkjer om utviklinga av kommunen. Kva dei tenkjer om pengebruken i Tysvær. Om ungdommane sine mulegheiter til å etablere seg her. Kanskje vil me få synspunkt som ikkje er så «kjekke» å debattere for dei meir etablerte politikarane våre.
Nå var det slik at i valkampen, og litt før den, at alle partia var stolte over kvar einaste ungdomskandidat dei klarte å lokke med seg på listene sine.
Så spørs det då kor mykje plass dei gir desse engasjerte politikarane, som både skal røynast politisk, men også det «spelet» eit kommunestyre er. Det handlar om å forstå kvarandre, snakke saman, duellere, finne løysingar og ikkje minst drive med politikk som er til det beste for alle som bur i kommunen. Det er ikkje lett, og ein må vere tolmodig om ein skal lukkast.
Eg er optimistisk og håper me får både unge og eldre representantar som brenn for kommunen sin, og som tør sjå ut over kommunegrensene den neste perioden. Eg er ekstra spent på desse yngste, mest fordi dei har stått fram med gode meiningar og eit ærleg ønske om å vere med på «laget».
Eg er sikker på at dette er noko Tysvær treng.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør