Skjermbilde 2019-09-23 kl. 14.41.24

Sommarstemning i september

Me fekk høyre smaksprøvar på toppen av Alvanuten. Men Blest på LP er noko heilt anna.

Tysværbuen har trykka kvartetten i Blest til brystet, og Paul Hansen og bandet leverer nok ein gong ei plate med herleg popmusikk. Ei slik plate som det er lett å like, og lett å bli sittande å lytte til.
For det er kvardagslege kromspring det handlar om. Tekstane er underfundige og lettbeinte, i gata der me tidlegare hadde Vamp, som dei har vore ein del av.
Radiohiten «3 stykk i bilen» er stor. Driven fram av eit fantastisk bakteppe av trommer servert av Erland Dahlen, og til Paul Hansen si fantastiske stemme så er dette ein låt som bør løfte bandet opp endå ein divisjon. Det er noko herleg og lett over låta, samstundes som musikken dreg deg vidare. Raskare og raskare.

Haust
Og me endar opp med opning- og tittellåta «September».
«Ein sommar tvinges ner i kne», syng Hansen og viser at om plata aldri så mykje lokkar fram sommarminner, musikalsk, så er det slutt. Men minna, ja dei har me. Folkeleg, vakkert, smart og eit varemerke for bandet.
Tekstmessig har dei også fått hjelp av ein av mine personlege favorittar, Ingvar Hovland. Låta «Sølvi» har ein strålande tekst, og kunne vore om mange. Hovland har si Sølvi ein eller anna plass i sitt tekstunivers, og takk for det.
Calle Apeland har laga ein strålande melodi til teksten «Blå Gardin», ei låt bassisten syng sjølv, og som også er eit av høgdepunkta på plata, som kjem både på CD og LP.
Totalt sett har kanskje ikkje Blest tatt nokon stilendring eller andre grep i frå debutplata. På ein måte er det bra for den var strålande.
Men på ei anna side er dette musikk som song for song utviklar seg for kvar gong ein lyttar. Nå har me vore så heldige og hatt plata ei vekes tid, og har hatt rikeleg med tid til å lytte.
For dette er musikk som skal nytast, samstundes som dei vil at du skal lytte til både tekst og musikk.
Det Blest serverer er av høg klasse, og som sjølvsagt fortener eit stort publikum.
Og bare så det er sagt, bandet er hjarteleg velkommen tilbake til Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Blest
«September»
Paul Hansen:
Vokal, piano, plystring, akustisk gitar, elgitar, kor, programmering og trommemaskin.
Carl Øyvind Apeland :
Bass, kor, tangenter, båndløs bass, kontrabass, vokal og akustisk gitar
Torbjørn Økland:
Akustisk gitar, bouzouki, mandolin, elgitar og kor
Marie Klåpbakken:
Kor og fiolin
10 songar
Utgitt: 2019
Produsentar: Bjarne Stensli, Carl Øyvind Apeland og Paul Hansen