LEIAR: Søre-Tysvær viser musklar

Når Narve Susort og den driftige hallkomiteen i Falkeid IL inviterer på kranselag i den nye hallen på Troppene, er det ein festdag for langt fleire enn klubben.

For det som har vore ein tydelegvis hard kamp mot resten av Tysvær over fleire år, er nå i ferd med å bli ein siger for bygdene heilt sør i kommunen vår.
Og hallen blir fyrtårnet for eit område av Tysvær kor politisk engasjement, og tydelege bygdestemmer etter kvart har lukkast – og det godt. For om ein brukar Falkeid IL sitt nedslagsfelt som ei geografisk avgrensing, så er det ikkje reint lite ein kan skryte på seg. Og det med god grunn.
Det som har vore ein kamp er å få folk til å halde fram med å bu i området, samt å auke folketalet. Nå sit eg ikkje med ferske tal, men når ein ser kva verksemda Askeland Eiendomsutvikling har fått til på Slåttevik, så er det eit svært sunt teikn på at det skjer noko positivt. Og når ein drar med seg det positive, ja så skjer det noko på Førland og i Hervik også. Det er ikkje vanskeleg for politikarane å heie på slike prosjekt.
Og skal ein lukkast så må det vere tilbod i bygda. Slik er det berre. Det er ingen unge familiar som kjøper seg hus eller tomt på ein stad som ikkje har eit godt utbygd fritidstilbod. Det har sjølvsagt kloke hovud i Falkeid IL skjøna for lengst. Med støtte frå både administrasjon, og det politiske Tysvær, har dei bit for bit bygd opp sitt anlegg. Og det mest gledelege av alt er at det ligg vegg i vegg med ein annan viktig aktør, Tysvær KKK. Kajakklubben har gjennom mange år satsa både på bredde og topp. Det har gitt kongepokalar og OL-billettar til bygda. Og med dei to naboane som motorar for fritidstilboda, ja så kan også alle dei små tilboda blomstra samtidig. Om det er styrt av kyrkja eller av andre frivillige lag, har ikkje noko å seie. Folk i søre-Tysvær veit at det skjer noko, uansett kva ein likar å drive med.
Så når ein bruker omlag 30 millionar kroner på ein så brukarvennleg hall er det godt investerte pengar. I ei ideell verd skulle sjølvsagt ikkje Falkeid IL hatt utgifter knytt til ein slik storstove, men me er ikkje heilt der ennå. Kommunen tar verkeleg sin del av dette, men når ein på sikt vil sjå gevinsten av samfunnsnytta i eit slikt bygg, og eit slikt anlegg, ja så kan ein vel undras litt på om det finst betre måtar å drive førebygging på.
Det får bli ei utfordring for framtida. Akkurat nå er det berre å gratulere alle eldsjeler i søre-Tysvær for ein ny siger på heimebane. Her er det mange som fortener både ros og blomar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør