Kor vil me handle?

Sist helg var ei rekkje lokalaviser samla på Røvær for å lære nytt, og ikkje minst bli inspirert til å bli endå betre på det ultralokale som skjer rundt oss i kvardagen.

Tysvær Bygdeblad var sjølvsagt til stades, og me let oss inspirere blant anna på kva den lokale butikken i bygdene har å seie.
Ikkje berre som ein butikk med eit utval av varer ein treng i kvardagen, men også som ein treffstad der bygdefolket kan samlast og løyse verdsproblem.
I dag har me mange flotte butikkar i Tysvær som gjer det litle ekstra for kundane sine. I tillegg har me dei store handelsmaskinane som gjer at me ikkje lengre treng å kjøre til Haugesund for å fylle opp kjøleskap og frysar. Me treng dei alle saman om me skal halde på arbeidsplassar i kommunen.
Men la oss dvele litt med dei minste. Dei som på mange stader er ei generasjonsverksemd der sonen i huset/butikken har tatt over etter sin far i fleire generasjonar. Der nærbutikken, uansett diverse namnebytte, har vore ein viktig del av bygda i mange år, og heilt sikkert vil spele ei rolle også i framtida. Og for ikkje å glømme der dei som jobbar er ein del av storfamilien, og veit kva du leitar etter når du hastar innom på veg heim frå jobb, eller som veit kva brus kona di likar best om du skulle ha glømt det i farten.
I dag utfordras desse butikkane av ei evig prisjakt. Og store kampanjar som viser kven som er billigast og best. Spørsmålet er kva dei eigentleg er best på, og kva me treng der me bur.
Nå er det slik at i Tysvær har dei aller fleste dei store butikkane på Frakkagjerd og Aksdal som sin nærbutikk. Men for alle dei andre, i Skjoldastraumen, på Slåttevik, i Hervik og på Nedstrand. For dei er nærbutikken så langt meir enn berre ein matbutikk.
Korleis skal ein så halde liv i desse butikkane? Det me som lagar avis har blitt inspirert til å følgje med på, er dei rollene desse butikkane har i lokalsamfunnet, der dei som sagt har langt fleire oppgåver enn å berre selje mjølk og brød. Me blir utfordra til å heie på dei, finne dei «gode» sakane som skjer i bygda sitt litle samfunn, og rundt dørene på lokalbutikken. Og ikkje minst ta ein prat med dei som tar kampen mot dei store, og driv butikken.
Er du ein av dei som bruker desse tenestane og har gode tips til oss, ikkje nøl med å ta kontakt.
Me har forstått for lengst at det er i lokalsamfunnet ein bygger alliansar, og skaper entusiasme på alle plan.
Difor er me ikkje redde for å heie på både dei store og små butikkane me har. Bruk nærbutikken din, så har du den også i framtida. Bredda gjer at Tysvær på mange måtar er unik også når det gjeld handel.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør