Det vart i dag meld at regjeringa har bestemt ikkje å innføre ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Det meiner styreleder i KS, Gunn Marit Helgesen, var klokt. Foto: Shutterstock
Tysvær kommune og NVE lover å ta klager på støy på alvor. Foto: Shutterstock

NYHENDE

Vindmøller engasjerer: KS ønskjer heile vindkraftsystemet under lupa

– Det er gledeleg at regjeringa har lagt bort nasjonal ramme for vindkraft på land.

PRESSEMELDING FRA KS:

– No trengst ei skikkeleg gjennomgang av heile systemet for vindkraftsaker, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
Det vart i dag meld at regjeringa har bestemt ikkje å innføre ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Det meiner Gunn Marit Helgesen var klokt.
– Høyringa har vist at motstanden mot vindkraftutbyggingar på land er stor og aukande. Den har også vist at meir statleg styring av lokalisering av vindkraftanlegg ikkje er vegen å gå. Som KS påpeiker i sin høyringsuttale, har systemet for behandling av vindkraftsaker store manglar, seier ho.

Løyser ikkje utfordringane i vindkraftsaker

KS har i sin høyringsuttale peikt på alvorlege utfordringar i mange fasar av saksgangen i vindkraftsaker. Ei utfordring er til dømes prosessane som føregår før kommunen er formell part i konsesjonssaka. Utbyggarar tek i denne fasen direkte kontakt med grunneigarar og set i gang prosessar som har stor allmenn interesse og med stort konfliktpotensial.
Ikkje minst oppstår mange konfliktar etter at konsesjon er gitt. Blant dei mange eksempla på konfliktsaker finst den i Sandnes, der kommunen nettopp har kravd at konsesjonen til Vardafjell vindkraftverk blir trekt tilbake. Sandnes kommune meiner at det har skjedd omfattande brot på mellom anna forvaltningslova, energilova og naturmangfaldlova.

– Vi treng eit eige lovutval for vindkraftsaker. Det må utformast eit system som i størst mogleg grad er eigna til å styrke tillit og legitimitet. Det trengs tiltak som kan bidra til å dempe konfliktnivået mellom ulike aktørar. Då er vegen å gå å bygge på og styrke det lokale sjølvstyret, meiner Gunn Marit Helgesen.