LEIAR

– Ein biff med lauk, takk

Rådmann Sigurd Eikje har presentert sitt budsjettforslag for 2020 og litt tankar om økonomien dei neste åra.

Etter dagar med reportasjar frå Karmøy og Vindafjord er det rett og slett ein gladnyheit han kjem med. Ikkje berre forvaltar Tysvær millionane frå Kårstø-anlegget på ein god måte, sparetiltaka som blir gjort, og som sikkert svir, gir resultat.
For det er ein ting å kutte på papiret, ein annan er å finne kutta igjen i drifta. Og utan å tillegga meg nokon økonomisk kompetanse utover det folk flest har, så er tala i årets budsjett spennande på fleire måtar.
For det første er det eit strålande utgangspunkt for politikarane våre, som nå skal finspikke på sine innspel og eigne tal. Her er det mykje å ta tak i frå store utfordringar innan skule og helse, til dei mindre, men likevel viktige sakene i framtida.
For det andre er dette eit budsjettframlegg som slik eg ser det har fleire sunnheitsteikn for framtida vår, med utfordringar i skattekutt og liten folkevekst. Ein ser teikn til at ein er føre var, og legg opp til ein økonomisk vekst basert på den verkelege kvardagen, og ikkje det ein drøymer om i festtalar.
For når ein les gjennom tala som blei lagt fram, og samstundes ser litt over kommunegrensa til Vindafjord, så ser ein at det i vår kommune blir jobba like tøft med utgifter som det blir gjort i den kriseramma nabokommunen vår. Ein leitar med lommelykt etter postar som ikkje må få springe av garde fritt, men kor ein må tenkje konsekvensar i framtida. Og då kjem bustadpolitikk, helse og omsorg og skule opp. Gong etter gong. Kva kostar det tilbodet me har? Og har me råd til å ha det slik i framtida?
Difor blir det for lettvint å seie at inntektene frå Kårstø aleine reddar vår kommuneøkonomi. Nei, det er alle dei små postane som til saman gjer at me får maksimalt ut av dei millionane. Og det må me også få i framtida.
Vinnaren i årets budsjett er utan tvil Aksdal. 177 millionar, minst, skal brukast her. Nå skal ein vise musklar. Og der har eg eit knallgodt tips, som speler på overskrifta i leiaren.
Kultursjef Anders Netland er ikkje redd for å tenkje nytt. På ei reise såg han restaurantar og spisestader bygd av spesiallaga konteinarar. Nå har han fått pengar til noko slikt i Aksdal, på Lars Hertervigsplass.
Etter mange år med evige diskusjonar om å få til noko sentralt i Aksdal dukkar dette opp som det perfekte prosjektet for våre lokalpolitikarar. For ein overkommeleg sum kan ein få ein etterlengta restaurant, knytt til Tysværtunet. Ein får utnytta uteplassen og skape eit miljø. Og ikkje minst. Det vil saman med badeanlegget som også kjem, vise eventuelle investorar at kommunen går framføre i denne utbygginga.
Mitt tips er difor til alle partia. Ring Netland i morgon, og høyr korleis ein kan framskynde dette, slik at det blir byggestart snarast.
For det er ingen tvil om at Aksdal skal ha ein posisjon i den politiske debatten framover også, men slike politiske «gratismulegheiter» må ein gripe. Alt som skjer, og blir starta opp i Aksdal vil ha ein langt større gevinst enn dei 177 millionane som ein ser i budsjettet.

Tysvær går så det griner, det er det ingen diskusjon om.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør