Andrine, Gerd og Ada har opplevd mykje moro på fotballbanen. Neste torsdag kjem Gerd Stolsmo til Skjoldhuset i Grinde for å fortelle om boka «Fotballmamma».
Foto: Kagge forlag
Andrine, Gerd og Ada har opplevd mykje moro på fotballbanen. Neste torsdag kjem Gerd Stolsmo til Skjoldhuset i Grinde for å fortelle om boka «Fotballmamma». Foto: Kagge forlag

KULTUR

Frå grus til gull som fotballmamma

Du tenkjer kanskje at det å bli kåra til verdas beste spelar er toppen av ei karriere. Vel, neste torsdag skal du få vere med på ei reise utan om det vanlege. Om du vil.

Gerd Stolsmo er mora til to av verdas beste fotballspelerar. Ada og Andrine Hegerberg. Spesielt Ada har mange fått med seg det meste om dei siste åra. Ho er kåra til verdas beste, speler på eit av verdas beste lag, og har klart det få jenter har klart før henne, nemleg å bli ei fotballstjerne.
Då Ada fekk prisen «Ballon dÓr» som verdas beste, var det mange som har kjempa for jentefotballen som felte ei tåre. Dette var toppen, det kunne ikkje vært betre. Men det skulle vise seg at det var det. På Haugesund stadion ein kjølig septemberkveld.
– Lyon skulle møte Avaldsnes i Champions League, den første kampen for Ada i Norge etter bråket rundt landslaget. Me var fryktelig spente. Korleis ville ho bli tatt i mot? Det skulle vise seg at min uro ikkje var nødvendig, for gjennom heile kampen kunne ein høyre eit taktfast «Ada, Ada, Ada». Stemmene kom frå lyse jentestemmer tilhøyrande eit jentelag frå Bogafjell, som hadde reist to timar for å komme på kamp. Kvelden på Haugesund stadion ligg heilt der oppe på lista over dei største opplevingane våre, seier Gerd Stolsmo.

Skjoldhuset
Neste torsdag kjem fotballmamma Stolsmo til Skjoldhuset for å fortelle om Ada, Andrine, kampen for jentefotballen, og alt det andre spennande som har skjedd på vegen til der jentene er i dag. I eit samarbeid med Tysvær Bygdeblad og bLEST skal ho framsnakke jentefotballen gjennom boka «Fotballmamma historia om Andrine og Ada Hegerberg».
– Veit du kva? Eg ser fram til å komme tilbake til Haugalandet og møte fotballfolket der. Dette skal vere ein kveld der me skal snakke om alt som må til for å lukkast på alle nivå. Alle kan ikkje bli ei ny Ada eller Andrine, men alle kan ha det kjekt med fotballen. Det er likt om ein speler for Tysværdamene eller Lyon. Og eg er sikker på at det fins mange med tittelen fotballmamma i Tysvær også. Hadde vore kjekt om dei kom og ville høyre på oss, seier Stolsmo.
For å riktig gjere dette til ein fotballkveld for damefotballen skal også Stolsmo vere med å dele ut pokalen til «årets spelar» til Tysværdamene, basert på spelarbørsen i Bygdebladet.
– Det skal bli kjekt. Eg blir glad når eg høyrer om slik satsing, seier ho.

Forfattar
Stolsmo jobbar som frilansar, men å gi ut bok var ein prosess.
– Korleis er det å vere forfattar?
– Det er heilt fint. Dette er ei bok som har komme litt etter litt. Den er ei reise frå det livet som me har hatt dei siste 20 åra. Frå små grusbanar heime i Sunndal i all slags vêr og vind. Til helger med cup og turneringar. Alle dei opplevingane me hadde då me merka at jentene våre hadde det litle ekstra i seg at dei kunne nå langt. Dette er opplevingar eg tru mange vil kjenne seg igjen i. Det livet som er langs sidelinja, heime med vaskemaskinane og med kalenderen for å få alt til å gå opp, er det mange som har vore gjennom. Det ville eg skrive ei bok om.
– Så dette er ikkje ei bok bare om suksessen?
– Nei, dette er om det å vere mor. Eg har sjølv spelt på toppnivå i Trondheims Ørn og visste kva som måtte til. Men vegen fram der, som mor, var ein annan enn som spelar.
– Boka de blir beskriven som ein «pageturner». Kva tenker du om slike tilbakemeldingar?
– Eg har høyrt det, og det er vel den beste tilbakemeldinga ein kan få. Les ein tabloidaviser så skulle ein tru at dette bare handla om debatten rundt landslaga, om Ødegaard og at Ada sa nei til vidare landslagsspel. Dette er ikkje ei bok om nettroll og diskusjonar rundt landslaget, og eg blir glad når eg høyrer frå folk som har lest heile boka og ikkje berre det kapittelet som nemnt over. Fotball har eit språk dei fleste forstår, dei fleste kjenner seg igjen i den kvardagen og då blir dei med på ei reise som dei lett kan kjenne seg igjen i. Eg trur det er nøkkelen for at boka blir lest og at den kan vere vanskeleg å legge frå seg, seier Gerd Stolsmo

Bokbad
I Skjoldhallen lover Stolsmo at me skal bruke god tid på dei mange og spennande fortellingane. Med god hjelp frå Kagge Forlag og medforfattar Marit Bromark skal Stolsmo også fortelle litt om det å gi ut bok. Ein og annan nedtur skal me også innom. Men mest av alt skal det handle om marginar, drøymar og suksess.
For å vise litt til dette skal me ta med eit lite utdrag fritt frå boka.
Mor og far er i Paris november 2018. Andrine har skada seg i ankelen i ein kamp i Sverige og er usikker før stormøtet med søstera. Da ringer plutselig Ada. Mora tolkar stemmen som usikker og dirrande. Ho tenker; Kva er galt denne gongen? Det rasar tankar gjennom hovudet. Er det ein skade, bråk i laget, ein trenar det er noko galt med? Stolsmo startar umiddelbart, bare på grunn av stemmen, på ein kriseplan.
– Du må ikkje seie det til nokon, seier Ada.
Panikk. Hjernen jobbar på spreng. Mora blir hissig.
– Eg kjem til å vinne «Ballon dÓr».
På Skjoldhuset skal me snakke meir om den historia, og alle dei andre frå Hydrocup i Sunndalsøra, til gullballseremonien i Paris.