Mange både kundar og tilsette opplevde hendinga der ein person gjekk laus på ein annan i dag med eit «hagereidskap». dette var ein skremmande oppleving, og ein veit av erfaring at ved slike hendingar kan ein sitte igjen med forskjellige tankar.
– Når ein har opplevd noko som gjer ein urolig kan det være godt å snakke med nokon ein har tillit til. Det kan være familien, venner eller nokon ein kjenner. Det er også mogleg å snakke med helsepersonell, til dømes helsesjukepleiar i skolehelsetenesta. Tysvær kommune har også personell og teneste med særleg kunnskap om psykososialt krisearbeid. Psykisk helseteneste kan kontaktast på 52758917 eller 93216676, https://www.tysver.kommune.no/helse-og-omsorg/279-psykisk-helseteneste-2018
Det seier avdelingsleiar Gunn-Marit Lygre i Tysvær kommune.