Munor imponerte med tysk musikk under lunsjkonserten i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Munor imponerte med tysk musikk under lunsjkonserten i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

KULTUR

Tysk klasse over dagens lunsjkonsert med Munor

– Lyrikk og musikk har alltid hatt ei viktig rolle for kvarandre og dagens lunsjkonsert var eit godt eksempel på det.

Munor har skiftet fiolinist og ho var verkeleg på heimeban ei kulturhuset i formiddag. Almuth Chylek imponerte der saman med Tobias Tellmann, cello og Marina Johansson, piano spelte ein komposisjon som bygger på diktet «Verklärte Nacht» av den tyske forfattaren Richard Dehmel, som komponist Arnold Schönberg let seg inspirere av når han i 1899 komponerte musikk ved same namn til si kommande kone Mathilde.
Og skal ein tolke responsen på alle dei frammøtte, så var dette ei skikkelg god oppleving.
Munor har spelt fleire gonger under våre lunsjkonsertar og det er stort å få komme så tett på klassiske musikarar.
Chylek leste også diktet som komposisjonen er bygd rundt.

KONSERT

Lunsjkonsert
Tysværtunet
Munor: Tobias Tellmann, cello, Marina Johansson, piano og Almuth Chylek, fiolin.
Bernhard Gismervik deltok også.
Omlag 130 frammøtte