Steinar Albrigtsen, Monika Nordli og Torolf Nordbø skal grave seg tilbake i tid musikalsk, og servere mykje flott musikk i Tysværtunet. I tillegg kjem «Han innante». Bare så det er sagt.
Foto: Privat
Steinar Albrigtsen, Monika Nordli og Torolf Nordbø skal grave seg tilbake i tid musikalsk, og servere mykje flott musikk i Tysværtunet. I tillegg kjem «Han innante». Bare så det er sagt. Foto: Privat

KULTUR

– Fantastiske røter

Laurdag gjestar trioen Albrigtsen, Nordbø og Nordli, Tysvær med revyen «Røtter og Latter».

– Det er kjempegøy, rett og slett. For meg har dette vore både terapi og medisin, så eg håper at me treff på mange av mine gamle venner i Aksdal. Dei skal få litt av mine mest kjende songar, kona mi Monika sine og ikkje minst «Han innante». Nå skal de få sjå og høyre nye sider av oss, seier Steinar Albrigtsen.
Den kjende og kjære artisten som mange kjenner gjennom sine mykje selde soloalbum, og gjennom sitt lange samarbeid med Jørn Hoel blei alvorleg sjuk. Alt blei avlyst og det var mange som frykta dei hadde høyrt countrysongaren frå Troms for siste gong. Men han har kjempa seg tilbake, med god støtte av mellom anna kona Monika Nordli.
– Det er sjølvsagt godt å vere tilbake på scena, men ekstra godt når me kan vere med i ei førestilling som både har med seg eit solid lag med humor, men også eit tilbakeblikk på våre musikalske røter. Og «min» musikk er basert på tradisjonsmusikk frå gospel, kriste songar og country. Slik som for mange av mine heltar som Johnny Cash. Det å kunne grave seg ned i dei og hente opp dei finaste, både på norsk og engelsk er noko eg set stor pris på. Eg trur publikum skal bli litt overraska over kor mykje bra det er, seier Albrigtsen.

Det er sjølvsagt godt å vere tilbake på scena

Comeback
Då me snakkar me artisten er han hes. Immunforsvaret er ikkje som i gode gamle dagar, men han er ivrig etter å komme på turné. Han er ikkje av typen som legg seg ned.
Med seg til Tysværtunet har han låtskrivar, gitarist, vokalist, støttespelar og kone, Monika Nordli. Torolf Nordbø framfører eigne songar og «Han Innante» dukkar opp i kjend stil. Saman og kvar for seg framfører dei både viser, country, blues og gospel, blanda med ein god dose humor frå både oppvekst og artistliv.
– Me har laga ei fin blanding som me trur publikum skal kosa seg med. Eg seier i reklamen for showet at ein må gjere seg klar for ein humoristisk og musikalsk kveld, seier Nordbø, som har gjesta Tysvær mange gonger.
– Eg har stor tru på denne blandinga der ein snakkar om sine røter, speler gode songar og har ein litt fin og lun humor med på laget. Me har i alle fall sansen for det. Så kan eg love eit par av dei songane som gjorde at eg slo gjennom for alvor. Dei held stand den dag i dag, og er viktige for mine røter. Me kallar det heile for eit show, men her skal det vere rom for litt ettertanke, samstundes som det skal vere lov å flire. Ikkje rart at eg ser på dette som medisin, seier Albrigtsen.
Godt blanda
Mellom songane blir det korte fortellingar om alt muleg. For som Torolf Nordbø lover på plakaten. Det skal vere godt blanda, frå ei spennande oppvekst og lange liv som artistar.