LEIAR

Kva tid skal ein snu?

Det er provoserande å lese om kor få av dei som har komme inn på lærarutdanning som har møtt ved HSH ved studiestart, og det er endå verre å sjå at leiaren ved Høgskulen på Vestlandet campus Stord til Haugesund Avis seier det er ein nedgåande trend som har forsterka seg dei siste åra.

Både i talet på søkarar, spesielt til 1.- 7. klasse, og til studiet generelt.
For som eg har skrive på leiarplass før. Dette er resultat av ein så feilslått utdanningspolitikk at det nå er på tide at det får konsekvensar for dei som har foreslått dette, gjennomført det, og nå på nytt skaper usikkerheit i skulevesenet om det vil vere nok utdanna lærarar i framtida.
Dei krava som populistisk blei gjennomført, og som stilte langt strengare krav til søkerane har slått heilt feil ut. For eksempel at å heve krava om betre karakterar i eksempelvis matematikk på vidaregåande skule skulle gjere det meir attraktivt for dei som hadde gode karakterar å søke seg til lærarutdanning. I tillegg skulle det presse fram betre karakterar for dei som ikkje hadde dette. Det siste kan ein sjølvsagt vere til dels einig i. Men å tru at dette skulle gjere lærarutdanninga, og jobben som lærarar meir attraktiv? Hallo.
Som eg prøvde å påpeike den gongen då dei nye krava til karakterar blei innført, er det neppe slik at eit enkelt fag, eller ein isolert kompetanse som avgjer om me i framtida får gode lærarar. Når ein ser kva utfordringar som er i skulen kvar einaste dag, så blir matematikk, unnskyld meg, ein parentes. Det er innan heilt andre områder ein burde hatt fokus på utdanninga enn på enkeltfag, som ja, det sjølvsagt også trengs kompetase innan.
Miljø, samspelet mellom elev og elev, elev og vaksen og skule – heim. Ein burde leita med lommelykt, testa ut 18-19-åringar på kva kompetanse, erfaring og mål dei kan ha innan dette, og funne fram til lærarkandidatar. Så kan sjølvsagt generell studiekompetanse få spele ei rolle, men å tru at ein ved å flytte på inntakskrav i norsk og matte vil få «gode» lærerar, er og blir skivebom.
Eg håper og trur for framtida at me snart får skulepolitiske politikarar og talsmenn som tør å ta eit oppgjer før det er for seint.
Norsk skule og skulane i Tysvær treng i framtida lærartypar som har ein bredde i utdanninga si, som både gir fagleg og sosial kompetanse til elevane. Det kan skje over eit utdanningsløp på fem år, men då må fleire få starte på dette. Ein kan ikkje skulde på samfunnet, heimen eller tida ein lev i. Ein må sjå type lærarar ein sit igjen med når kabalen på skulen blir lagt. Å leite i jobbsøknaden etter mattekarakterar blir slik eg vurderer det, noko som er riv ruskande galt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør